FOREDRAG // Denali – ei historie frå 1995, med Kjell Ola Haugen
Feb
19
7:00 PM19:00

FOREDRAG // Denali – ei historie frå 1995, med Kjell Ola Haugen

I programmet «Ekspedisjonen» som vart vist på NRK nyleg, kom ikkje nokon av deltakarane til topps på Denali (6190 moh.) i Alaska. Kan det vera at to lomverar klarte det for 30 år sidan? Det kan du finne ut om du kjem til Norsk fjellsenter 19. februar. Da vil Kjell Ola Haugen fortelje og vise bilete frå ein tur han gjorde saman med Roar Svensbakken i 1995.

View Event →
FOREDRAG // Brefallet - om breliv og bredød, med biolog og forfattar Dag O. Hessen
Apr
23
7:00 PM19:00

FOREDRAG // Brefallet - om breliv og bredød, med biolog og forfattar Dag O. Hessen

I samarbeid med Lom folkebibliotek inviterer vi til foredrag med den prisvinnande biologen og forfattaren Dag O. Hessen. Til hausten kjem han med boka «Brefallet – om breliv og bredød», som handlar om vårt forhold til brear og om konsekvensane av bresmelting. Foredraget vil handle om dette. Boka er den siste i ein triologi om naturtap og tid, etter «Jervesporet» og «Fugleperspektivet», og ho vil vera illustrert med bremåleri av Kjetil Skaansar som har røter i Lom.

View Event →

FOREDRAG // Fisk og fisking i Lom - ei sju tusen år lang historie // med forfattar Trygve Hesthagen
Jan
22
7:00 PM19:00

FOREDRAG // Fisk og fisking i Lom - ei sju tusen år lang historie // med forfattar Trygve Hesthagen

Ferskvassbiolog og forfattar Trygve Hesthagen tek oss med på ei reise gjennom sju tusen år med fiske og fiskekultur i Lom. Med utgangspunkt i den heilt nye boka "Bygdebok om fisk og fisking i Lom – ei sju tusen år lang historie" fortel han om dei eldste fangstanlegga i området, korleis fisket har forma lokalsamfunnet, og korleis tradisjonar, kunnskap og forvaltning har utvikla seg frå steinalderen til i dag.

View Event →
Samtaler om Snøskredfaget
Jan
15
7:00 PM19:00

Samtaler om Snøskredfaget

Vi sparkar i gang 2026 med ei oppfølging av skredkvelden og invitererer i samarbeid med Nasjonalt kompetansesenter for fjellredningtil ein kveld med samtaler rundt skredutfordringar. Her kan du stille alle dei spørsmåla du ikkje rakk før jul, diskutere og reflektere saman med andre interesserte. Gratis inngang, men hugs påmelding. Velkommen!

View Event →
✨ Julefrokost med brearkeologane // sjå årets funn frå fjellet 🏹 (gratis inngang –påmelding på sms)
Dec
4
8:30 AM08:30

✨ Julefrokost med brearkeologane // sjå årets funn frå fjellet 🏹 (gratis inngang –påmelding på sms)

Brearkeologane kjem til Norsk fjellsenter for å gå gjennom årets funn. Vi byr på frokost, foredrag med bilder frå feltsesongen og visning av dei “ferskaste” skattane som har smelta fram frå isen.

Det håpar vi at du vil vere med på!

Meld deg på ved å sende sms til 476 14 806 seinast 2. desember.

View Event →
SKREDKVELD
Nov
18
7:00 PM19:00

SKREDKVELD

Velkomen til ein kveld full av inspirasjon, læring og turglede – enten du er erfaren toppturentusiast eller berre likar kaffe, fyr på peisen og gode fjellhistorier!

Frå kl. 18:00 opnar vi dørene med peiskos, kaffe og kakesalg før vi tek deg med inn i tema som trygg ferdsel, planlegging, og det som verkeleg betyr noko – gleda ved å være ute.

View Event →
FOREDRAG // Store rovdyr: Biologi, konfliktar og forvaltning // med forskar Barbara Zimmermann
Oct
16
7:00 PM19:00

FOREDRAG // Store rovdyr: Biologi, konfliktar og forvaltning // med forskar Barbara Zimmermann

Bjørn, jerv, ulv og gaupe har vore nær ved å bli utrydda i Noreg. No er dei på veg tilbake, og det finst knapt nokon andre artar som engasjerer folk så sterkt som denne firkløveren. Vi skal dykke ned i biologien til rovdyra for å forstå korleis dei kjem i konflikt med menneskelege interesser – samstundes som folk let seg fascinere, uansett ståstad.

View Event →
Utstillingsopning // NÅR ISEN BRYT
Jun
5
6:00 PM18:00

Utstillingsopning // NÅR ISEN BRYT

Brear har forma landskapet vårt gjennom ei rekke istider. Dei har skapt fjordar, dalar og fjelltoppar. Det er om lag 275,000 brear i verda i dag og saman med dei to store innlandsisane Grønland og Antarktis lagrar dei heile 70 % av verdas ferskvatn.

No smeltar breane i rekordfart. FN har erklært 2025 som Det internasjonale året for bevaring av brear. Initiativet kjem frå Tadsjikistan.

Torsdag 5. juni inviterer vi til opning av den nye utstillinga NÅR ISEN BRYT på Norsk fjellsenter.

View Event →
FOREDRAG // Naturparadokset // med forfattar og journalist Marit Beate Kasin
Apr
10
7:00 PM19:00

FOREDRAG // Naturparadokset // med forfattar og journalist Marit Beate Kasin

Eit foredrag om naturen vi mistar, og korleis vi kan få den attende.

Marit Beate Kasin, forfattar av den svært aktuelle boka Naturparadokset, setter søkelyset på det store naturtapet som foregår rundt oss. Sjeldan har ei bok vore meir relevant i ei tid kor stadig fleire blir oppmerksomme på korleis naturen blir bygd ned og dyra forsvinn.

View Event →
FOREDRAG // Heltane i mine naturreiser – med journalist Inge Kjell Holme
Aug
29
7:00 PM19:00

FOREDRAG // Heltane i mine naturreiser – med journalist Inge Kjell Holme

Kva skjedde då Arentz forsvann? Den myteomspunne fjellvandraren Fredrik Arentz er hovudpersonen i foredraget til Inge Kjell Holme på Norsk Fjellsenter 29. august. Du får også høyre om naturvern, turglede og kvinnelege klatrepionerar som i lag med lokale fjellførarar besteig dei høgaste tindane i Noreg.

View Event →
Fiksekveld med Lom Husflidslag
Apr
25
6:00 PM18:00

Fiksekveld med Lom Husflidslag

Kanskje har du ei jakke eller bukse med øydelagd glidelås? Har favorittrøya di fått eit hol eller er ullstillongsen slitt på knea? Denne kvelden vil du lære å reparere turkleda slik at dei kan halde deg tørr og varm på enda fleire turar, samstundes som du sparar både miljøet og lommeboka.

View Event →
Fiksekveld med Lom Husflidslag
Mar
7
6:00 PM18:00

Fiksekveld med Lom Husflidslag

Kanskje har du ei jakke eller bukse med øydelagd glidelås? Har favorittrøya di fått eit hol eller er ullstillongsen slitt på knea? Denne kvelden vil du lære å reparere turkleda slik at dei kan halde deg tørr og varm på enda fleire turar, samstundes som du sparar både miljøet og lommeboka.

View Event →
Lom Skifestival 2023
Nov
9
to Nov 12

Lom Skifestival 2023

9. - 12. november er det igjen duka for skifestival på Norsk fjellsenter. Ein stemningsfull og triveleg kick off til årets skisesong i høgfjellet. Lom skifestival er gode dagar med ski på beina, krona med bål, film, foredrag og fest!

På fjellsenteret møtest vi på morgonen før vi tek på tur, og samlast att om ettermiddagen for etterski, foredrag, kviss, film og konkurransar. Laurdag kveld er det middag og festivalpub med levande musikk på Nordal turistsenter, eit steinkast frå Norsk fjellsenter. Overnatting bestiller du på Nordal turistsenter eller Fossheim.

Program og billettar finn du på www.lomskifestival.no

View Event →
SPOR - ein filmkonsert om isbrear og artar som forsvinn
Oct
19
7:00 PM19:00

SPOR - ein filmkonsert om isbrear og artar som forsvinn

Menneska har alltid vore avhengige av naturen. Men naturen er også avhengig av oss. Isbreane våre er i ferd med å forsvinne fordi vi set for djupe spor. Andre artar er i ferd med å forsvinne fordi vi ikkje set nok spor etter oss.

Filmkonserten SPOR er ein miljøbevisstgjerande kunstoppleving for unge og vaksne. Gjennom filmvisning med live musikk, blir publikum kjent med den norske naturen: storslagen, sårbar og full av godt bevarte hemmelegheiter.

I tillegg til mini-dokumentar og filmkonsert, blir det foredrag ved naturvegleiar Dag Inge Bakke ved Klimapark 2469.

Musikken er komponert av Maren Myrvold. Frys Film står for filmane, innspelt i istunnelen i Klimapark 2469, breane og kulturlandskapet i Jotunheimen nasjonalpark. Musikken blir framført av den klassiske trioen Kvaldraum, beståande av cellist Aage Kvalbein, sopran Maren Myrvold og pianist Marita Kjetland Rabben.

Medverkande:
Musikarar: Aage Kvalbein (cello), Maren Myrvold (sopran), Marita Kjetland Rabben (pianist)
Film: Frys Film v/Kaja Vik og Dennis Risvoll
Foredragshalder: Dag Inge Bakke v/Klimapark 2469
Komposisjon: Maren Myrvold
Mini-dokumentar: Musikk i Innlandet v/Elisabeth Nord
Samarbeidspartar: Norsk fjellsenter og Klimapark 2469
Idé og produksjon: Maren Myrvold og Kaja Vik
Støtta av: Miljødirektoratet, Fond for lyd og bilde, Innlandet fylkeskommune og Norsk filminstitutt

Inngang: 300,-

Billettar: https://tikkio.com/tickets/41519-spor-ein-filmkonsert-om-arter-og-isbrear-som-forsvinn

Teaser: https://www.youtube.com/shorts/gvamnCNQoBU


Medvirkende: 
Musikere: Aage Kvalbein (cello), Maren Myrvold (sopran), Marita Kjetland Rabben (pianist)
Film: Frys Film v/Kaja Vik og Dennis Risvoll
Komposisjon: Maren Myrvold
Mini-dokumentar: Musikk i Innlandet v/Elisabeth Nord
Samarbeidspartner: Norsk fjellsenter og Klimapark 2469
Idé og produksjon: Maren Myrvold og Kaja Vik
Støttet av: Miljødirektoratet, Fond for lyd og bilde, Innlandet fylkeskommune, Lom kommune og Norsk filminstitutt

View Event →
HAUSTFERIE PÅ NORSK FJELLSENTER
Sep
30
to Oct 15

HAUSTFERIE PÅ NORSK FJELLSENTER

  • Norsk fjellsenter (map)
  • Google Calendar ICS

Velkomen til haustferie på Norsk fjellsenter!

Vi har ope kvar dag i uke 40 og 41 frå kl. 10 - 16.

  • rebusløp for dei minste

  • værrom med white out effekt

  • sandkasser med elveløp

  • mikroskopstasjon

  • teikn din favorittnatur

  • NY utstilling FROSE I TID - ei reise i den brearkeologiske verda

  • Møt klimaforskarane i utstillinga NATUR I ENDRING

  • Kaffe og bålkos

View Event →
Tenn bål med flint og eldstål!
Aug
4
11:00 AM11:00

Tenn bål med flint og eldstål!

Skulle vikingane ha eld, måtte dei greie seg med stein, eldstål og heimlaga knusk. Denne dagen kan du lære deg kunsten å få fyr med dei enkle reiskapa. Får du det til?

Det er funne mange spor etter vikingane i fjella kring Lom. Ei heil vikinggrav, Noreg sin einaste vikingvott og eit heilt spyd. Du får bli med inn i utstillinga og sjå 100 kule funn frå isen i fjella.

View Event →
Bli med på ei runde hnefatafl
Jul
14
11:00 AM11:00

Bli med på ei runde hnefatafl

Eit av dei mest kjende vikingspela heiter hnefatafl, eller "kongens bord". Vi veit ikkje heilt korleis reglane var, men denne dagen får du vere med å spele hnefatafl slik vi trur vikingane spelte det. Du får også vere med og sjå fleire kule funn frå vikingtida i utstillinga på Norsk fjellsenter.

View Event →
FOREDRAG // Hundre funn frå fjellet
Jun
15
6:00 PM18:00

FOREDRAG // Hundre funn frå fjellet

Hundre unike funn, hundre historier og over hundre turar til fjells på leiting langs kanten av den smeltande isen. Arkeolog Espen Finstad og kjentmann Reidar Marstein kjenner dei arkeologiske funna frå isen betre enn nokon. Denne kvelden fortel dei kva spora kan fortelje om forfedrane våre. Du får også bli med på ei omvising i den splitter nye utstillinga «Frose i tid».  

View Event →
Frose i tid / UTSTILLINGSOPNING
Jun
10
4:00 PM16:00

Frose i tid / UTSTILLINGSOPNING

Over halvparten av alle arkeologiske funn på is i heile verda, er gjort høgt i fjella kring Lom.

Isen i snøfonnene har vore ein påliteleg skjulestad. Gøymd på meir enn 4000 gjenstandar frå menneska som var her før oss. Frose ned tre, skinn og ull. Piler frå steinalderen, ei hestetruge, ein vott frå vikingtid og verdas best bevarte forhistoriske skipar har alle hatt sine år i isen.

View Event →