Norsk fjellsenter og Klimapark 2469 har saman med Innlandet fylkeskommune/Secrets of the Ice og Kulturhistorisk museum ved Universitetet i Oslo vunne den høgt verdsette Europa Nostra-prisen “European Heritage Awards” i tillegg til “Grand Prix”. Utmerkinga er ei anerkjenning av det langsiktige arbeidet med å ta vare på dei unike kulturminna som kjem fram når gamle snøfonner i fjellet smeltar og trekkjer seg attende.
25. og 26. juni er det duka for markering i Lom. Program kjem etter kvart!
Bildet er frå prisutdelinga i Brussel i oktober 2025.
Les meir om kulturminneprisen her:
Europeisk kulturminnepris til det brearkeologiske sikringsprogrammet - regjeringen.no

