Kva kan du gjere på Norsk fjellsenter?

STØRSTE UTSTILLING AV FUNN FRÅ IS
Kom og sjå dei fleire tusen år gamle skattane som smelter fram frå isen i fjella. Noreg si eldste pil, skremmepinnar brukt til jakt og eit 300 år gammalt hesteskjelett funne i eit fjellpass i Lom. Hels på ein 500 år gammal hund og sjå andre unike gjenstandar frå forfedrane våre i landets største utstilling av arkeologiske funn frå is.

Du kan la deg bergta av ein vakker naturfilm på storskjerm, teltplassen til turistpionerane «Tre i Norge ved to av dem», eit par fullskala mammutar og ei rekonstruert turistforeiningshytte. Du kan og sjå funna frå ei vikingrav som blei oppdaga ikkje langt frå Lom sentrum på 80-talet, og utstillinga tek deg gjennom utviklinga av reglar og tryggleik i fjellheimen.

FJELLVITEN OG VÊRROM
I minivitensenteret Fjellviten lærer du om geologi og klima i høgfjellet gjennom leik. Du kan lage ei S-elv og forme landskap med sand og vatn, leike deg med landskap og høgdekurver og hyle i vêrrommet når lynet kjem og sola og fuglesangen forsvinn. Du kan ta på 7000 år gammal is og kjenne temperaturforskjellen mellom lyse og mørke landskap. I fjellviten får du òg ein sniktitt inn i Klimapark 2469 og istunnelen oppe ved Galdhøpiggen.

REBUSLØYPER
I utstillinga er ei rebusløype med spørsmål for barn. Hent kart i resepsjonen og få premie etterpå.

BESØKSSENTER NASJONALPARK
Norsk fjellsenter er autorisert besøkssenter for Jotunheimen, Reinheimen og Breheimen nasjonalparkar. Du kan få tips om turar som passar for deg og ditt turfølgje, og informasjon om dyreliv og vekster i nasjonalparkane. Du er velkomen til å sitte og lese i turbøkene frå minibiblitoket, sjå på karta våre, eller berre ta ei pause ved bålet i vrimlearelaet.

To nasjonalparkforvaltarar for Jotunheimen, Reinheimen og Breheimen har kontor på Norsk fjellsenter og kan treffast etter avtale.

BUTIKK OG KAFFI
I butikken finn du pil og boge, dyrebøker, bamsar og mykje anna artig til ungar. Du finn også det du treng av kart og turbøker, suvenirar og lokale produkt og naturlege kremar.

På kjølege dagar fyrer vi bål - kjøp deg ein kopp kaffi eller te og slå deg ned.

Velkommen!