Frose i tid

Velkommen inn i Noreg si største utstilling av funn frå isen i den norske fjellheimen, med kring 100 unike gjenstandar. Utstillinga opna i 2023 og tek deg med opp i høgfjellet, med lydar, video og bilete.

I Jotunheimen og områda kring Lom, smelter det fram tusen år gamle skattar når snøfonnene trekkjer seg attende. Noreg sin eldste sko, ein 500 år gamal hund, eit forhistorisk skipar og ein vott frå vikingtida er alle utstilt på Norsk fjellsenter i lag med andre verdskjende fonnefunn.

BERGTATT

Kva har fjella betydd for menneske opp gjennom historia? Korleis har vi brukt og brukar vi fjellområda?Nyt fire årstider i fjellheimen på storskjerm, hels på to fullskala mammutar, sniff inn lukta av sure sokkar i ei mini turistforeiningshytte, sjå på leirplassen til “Tre i Norge ved to av dem” og lære deg å nytte kart og kompass.

Barn kan prøve seg i rebusløype inne i utstillinga.


KLIMAROM

Kva hender med naturen i fjella når klimaet endrar seg? Kva er forskjellen på klima og vêr? Korleis har temperaturen i Noreg endra seg dei siste 10 000 åra? I Klimarommet skal både liten og stor kunne leike seg til betre kjennskap til vêr, natur og klimaendringar. I vêrrommet kan du få tåke, lyn og tore rett i fletta. Du kan forme ditt eiga landskap i sand og vatn, bygge fjell og oversvømme dei i sandmodellene. Du kan lære om albedoeffekten med ein landskapsmodell og eit varmekamera, eller studere bæsjen frå ein elg eller rype og ta ein nærare titt på den mystiske gjendefluga.

NÅR ISEN BRYT

I anledning FNs internasjonale år for brebevaring i 2025 opna ei ny utstilling på Norsk fjellsenter. Utstillinga er laga i samarbeid med NVE og nokre av dei fremste breforskarane i landet.  

Utstillinga skal løfte kunnskap om korleis det står til med breane både her heime og rundt om i verda. Gjennom intervju, bilete og video ynskjer vi å belyse korleis ulike samfunn tilpassar seg endringane som skjer. Vi får eit innblikk i brelandskap og mennesker i både Tadsjikistan, Sveits, Island, Nepal, Canada, Colombia, New Zealand og Pakistan, i tillegg til eit blikk på det heilt lokale, i Jotunheimen. 

DIGITAL UTSTILLING “NÅR ISEN BRYT”

Ikkje anledning til å besøke museet? No kan du oppleve utstillinga digitalt på www.fjellviten.no.

REINHEIMEN

I andre etasje på Norsk fjellsenter finn du 62 utstoppa fuglar, ein utstoppa rein, elg, gaupe, hare, bever og jerv.

Foto: Cathrine Dokken/Kreativ Strek og Norsk fjellsenter

MUSEUMSBUTIKK

I butikken har vi dei gode turkarta, bøker for store og små, suvenirar, leiker og smykker.