ein link mellom forsking og redning
Eit unikt samarbeid mellom friviljuge og offentlege instansar gjer at liv blir redda i fjella kvart år. Men korleis blir samarbeidet og kunnskapen dokumentert og delt? Kven tek ansvar for at ny forsking når ut til friviljuge? Og kven tek initiativ til ny forsking?
Nasjonalt kompetansesenter for fjellredning er plassen der primærberedskap i kommunane, redningsorganisasjonane, forskings- og utdanningsinstitusjonane og oppdragsgjevarar møtast. Gjennom forsking på erfaring og behov vil vi gjere samfunnet betre førebudd på eit tøffare klima til fjells, og eit auka behov for reelt samvirke i praksisfeltet.
Prosjektet for etablering og finansiering av Nasjonalt kompetansesenter for fjellredning fekk støtte av Lom kommune, Innlandet fylkeskommune, Fjellbanken|Sparebank 1 Lom og Skjåk og Sognefjellshytta. Enkelte FoU-prosjekt vart i tillegg delfinansiert gjennom tilskot frå Forskingsrådet og andre involverte partar. Ein lukkast ikkje med fast finansiering av verksemda, men initiativet blir førebels vidareført gjennom friviljug, ulønt arbeid. Partar som er interessert i å støtte dette tiltaket kan gjerne vende seg til Norsk fjellsenter.
forskingsrapportar
Albert Lunde
Fagansvarleg og prosjektleiar for forprosjekt Nasjonalt kompetansesenter fjellredning og ei viktig brikke i arbeidet vidare.
Albert Lunde har lang fartstid i lokalt redningsarbeid i Lom og tok i 2019 ein doktorgrad i tryggleiken til redningsmannskap i skredulykker ved Universitetet i Stavanger.
Kontakt: albert@norskfjellsenter.no
