Sertifisert Miljøfyrtårn

 
 

Miljøfyrtårn sidan 2007

Vi må gjere det vi kan for å ta vare på dyra, plantane og livet på jordkloden. Eit steg på vegen er å arbeide for å vere ein grøn bedrift. Norsk fjellsenter har vore sertifisert som Miljøfyrtårn sidan 2007. Sidan den gong har vi redusert papirforbruket, kutta bensinbruken til null og fått fleire miljøsertifiserte leverandørar. Vi har oversikt over fotavtrykket vårt og ser kvar vi kan bli betre.

Her kan du se utviklinga på Norsk fjellsenter frå 2007 til 2022.