Denne staur-biten endrar historia!

Reidar Marstein med 7000 år gammal staur ved Tesse i Gudbrandsdalen. Foto: Kjersti Frackmann Strass

Reidar Marstein syner fram den 7000 år gamle staur-biten. Foto: Kjersti Frackmann Strass

“Ein skin upp når ein finn noko slikt”, fortel finnar og kjentmann, Reidar Marstein.

Han var på bevisst jakt etter sport frå fortida da han vandre ut på sandbankane ved Tesse tidleg på sommaren 2022. Jammen fann han det han leitte etter. Ikkje langt frå land oppdaga han rester av stolper. Han såg fort eit mønster og forstod at dette kunne vere feller for fisk.

Det arkeologiske funnet kan gi oss ny kunnskap om steinalderbusetjinga ved vassbredda av Tesse i Gudbrandsdalen.

“Eg trudde kanskje dei var eit par hundre år gamle”, fortel Marstein.

Staur-bitene slik dei står på vassbotnen i Tesse. Foto: Espen Finstad, Innlandet fylkeskommune

Men der tok han feil. Datering av ei av stolperestene viser at treet er heile 7000 år gammalt. Med ett vart funnet det eldste daterte fangstanlegget for fisk i Nord-Europa. Vi har altså ikkje hatt bevis for at dei kultiverte fisket så langt attende i tid.

Arkeologar frå Kulturhistorisk museum har tidlegare undersøkt fleire busetningsplassar ved Tesse, og det er funne spor etter omfattande steinalderaktivitet med steinrester og kol, også frå den perioda fiskefellene stammar frå som var eit jeger- og sankar-samfunn. Neste år går dei i gang med nye utgravingar for å finne ut meir om fiskefellene.

Illustrasjon av fiskefellene ved Tesse slik dei kan ha sett ut i steinalderen. Illustrasjon: Ingvild Tinglum Bøckman

Slik kan fiske-fellene ha sett ut i steinalderen. Illustrasjon: Ingvild Tinglum Bøckman/Kulturhistorisk museum.

“Dette er noko av det eldste bearbeida treet vi har i Noreg. Og tre gir oss heilt andre moglegheiter for anlayser enn stein. Ved å analysere mange av dei trestokkene som ligg her ute, kan vi i beste fall finne ut kor lenge fiskefellene har vore i bruk”, fortel Axel Mjærum, arkeolog ved Kulturhistorisk museum.

Fram til no har ikkje arkeologane kunne vere sikre på om steinalderbusetnadane ved Tesse stammar frå eitt besøk, eller om det har vore eit område steinaldermenneskja har kome attende til fleire gonger. Mjærum håpar dei vidare undersøkjingane av fiskeanlegget vil kunne gi svar på det.

“Det å dra til fjells for steinaldermenneskene var ikkje noko dei gjorde utan vidare. Dei hadde ein plan. Dei investerte mykje i å etablere desse fiskefellene. Det var nok både for å bruke dei, og for å kunne koma attende og nytte dei meir”, seier Mjærum.

Dykkarar frå Maritimt museum har vore nede for å fotografere og registrere nøyaktig posisjon på alle staura i anlegget.


Photo-11.jpg

Fann ski nummer to av 1300 år gamalt skipar

Skia som blei funne i 2021 er nærast komplett. Det manglar berre ein liten del på sida bak. Skia er 187 centimeter lang og nesten 17 centimeter på det breiaste. Under skia er det ein 4 centimeter brei rand midt under skia i heile lengda. I prinsippet som midtranda på moderne ski. Midtpartiet på oversida av skia består av eit oppheva fotsteg. Gjennom fotsteget er det eit horisontalt hol til å feste bindingane. Det sitt att rester av tre vidjespenningar og ein treplugg i bindingsholet, samt restar av ein snor i lêr. Både treverket, vidjene og lêret er utroleg godt bevara.

GLADE: Fornøgde arkeologar ser på skia. Frå venstre: arkeologane Espen Finstad (Secrets of the Ice/Innlandet fylkeskommune) og Julian Post-Melby (Kulturhistorisk museum i Oslo). FOTO: Andreas Christopher Nilsson, secretsoftheice.com

Photo-15.jpg

Verdas best bevarte forhistoriske skipar saman att

Skia som blei funne i 2014 er utstilt på Norsk fjellsenter. Her ser du dei to skia saman. Skia frå 2014 er meir tæra av vêr og vind, elles er dei to skia rimeleg like. Både skia er godt brukte, reparert og tilpassa. Truleg har dei, kvar for seg, med kvar sine skavankar, hatt fleire «partnare» før dei endte opp saman og fekk felles skjebne på Digervarden for 1300 år sidan.

Det er mange interessante detaljar å studere på skia. Arkeologane ser mellom anna at fotsteget er reparert.

Forhistoriske ski med bevart binding er ekstremt sjeldan. Når den første skia frå Digervarden dukka opp i 2014 var det berre kjent ei anna forhistorisk ski med bevart binding. Det var ei ski frå Mänttä i Finland. Det 1300 år gamle skiparet frå Digervarden er verdas best bevarte forhistoriske skipar.

SAMAN ATT: Skia frå 2014 ligg utstilt i monter på Norsk fjellsenter, skia frå 2021 ligg oppå, lengst bort. Frå venstre: Dag Inge Bakke, Olav Tøfte og Thea Dalen (Norsk fjellsenter). FOTO: Espen Finstad, secretsoftheice.com.

tuft 4vikinger_uten_elling.jpg

Fjellvikingane i Bøverdalen

Under krattet kring Netoseter i Bøverdalen i Lom fann arkeologane 21 hustufter frå vikingtida. Kven var desse fjellvikingane? Kvifor budde dei ved Netoseter?

I 2011 smelta det fram hundrevis av gjenstander frå Lendbreen i Breheimen. Klær, sko, hesteutstyr og spor etter eldgamal ferdsel. Storparten av funna viste seg å stamme frå vikingtid. Frå breen gjekk ei lang varderekke vidare mot Netoseter. Kunne det ha budd vikingar der?

Kjentmann Reidar Marstein og arkeologane i Innlandet fylkeskommune, med Espen Finstad i spissen, byrja å leite. Marstein fann tuft etter tuft. Til slutt hadde dei funne 21 tufter. Karbondateringar viste at dei alle hadde vore i bruk i perioda mellom år 700 og år 1100, altså gjennom heile vikingtida.

Foto: Espen Finstad og illustrasjon: Hege vatnaland


Vikingane sin gløymde ferdeselsveg

I vikingtida gjekk folk over fjellet når dei skulle mellom Lom og Skjåk, eller frå Innlandet til Vestlandet. Arkeologane Espen Finstad og Lars Pilø har funne gamle varder og spor etter ferdselen over fjella og isen.

Dei fantastiske arkeologiske funna på Lendbreen i Breheimen, har vakt oppsikt over heile verda. I filmen får du følgje dei to arkeologane på ruta frå Skjåk til Netosæter i Bøverdalen. Kring 40 av funna frå den gløymde ferdselsvegen er utstilt på Norsk fjellsenter.

I 2020 kom ein vitskapleg artikkel om fjellpasset i tidsskriftet Antiquity, som fekk merksemd verda over.


Ein 3400 år gamal sko

hudsko_bak_Vike.JPG

Heile brearkeologien i Innlandet byrja med denne skoen. Det var hobbyarkeolog Reidar Marstein som kom over skoen ved Kvitingskjølen i Jotunheimen i 2006. Skoen er i storleik 39 og er laga av reinskinn. Eigaren var truleg ein jeger på reinsjakt. Det meste av skoen er vel bevart, men det er hol i solen og jegeren har nok kasta skoen frå seg og bytt til ein ny. Du kan sjølv sjå skoen i utstillinga på Norsk fjellsenter.

Foto: Vegard Vike, Kulturhistorisk museum


Du kan lese meir om brearkeologien og funna på The Secrets of the Ice.