Back to All Events

Open dag på Neto – sjå vikingtuftene under utgraving

  • Norsk fjellsenter Bøverdalsvegen 2686 Lom Norway (map)

Velkommen til open dag ved dei arkeologiske utgravingane på Netoseter. Utgravingane går over to år, og denne dagen er publikum invitert til å sjå og høyre meir om arbeidet.

Netosetertuftene er eit kulturhistorisk spennande område med spor etter tidlegare aktivitet og busetjing i fjellet. Tuftene har lenge vore kjende lokalt, men gjennom dei arkeologiske undersøkingane ynskjer forskarane å finne ut meir om alder, bruk og kva slags menneske som har halde til her.

Utgravingane inngår i eit større forskingsprosjekt der ein mellom anna tek prøver for datering og analysar av materiale frå tuftene.

Oppmøte:
Parker langs Bøverdalsvegen, nedanfor Brandsarsætre. Vi møtest ved bilane kl. 17.00 og går samla opp til tuftene. Her får du høve til å sjå nærare på dei utgravde tuftene, høyre om arbeidet som blir gjort og sjå eventuelle funn som er gjort under utgravingane.

Hugs at det er bomveg inn til området.

Prosjektet er eit samarbeid mellom Kulturhistorisk museum, Innlandet fylkeskommune og Norsk fjellsenter med bidrag frå forskarar, arkeologistudentar og lokale aktørar.

Arrangementet er gratis og ope for alle. Vel møtt!

Dato: onsdag 3. juni 2026
Tid: kl. 17.00-19.00
Stad: Netoseter i Lom
Inngangspris: gratis

Les om da Reidar Marstein fann dei tusen år gamle vikingtuftene (krev Fjuken-abonnement):

Reidar fann tufter av tusen år gamal vikinggrend ved Netoseter i Lom - fjuken.no