I dette foredraget tek Mari deg med på ei personleg reise – frå medisinske inngrep til fjellvidder og naturens uendelege moglegheiter, med Noreg‑på‑langs‑turen i sentrum. Ei ærleg og inspirerande forteljing om kor mykje naturen kan gi – frå små steg ut døra til store endringar i livet – og om korleis eit dårleg utgangspunkt ikkje treng å sette ein stoppar for draumen.
I 2023 gjekk Mari Noreg på langs for å sette fokus på kvinnehelse og sjukdommen endometriose, som ho sjølv har slitt med store delar av livet.
Les meir om Mari her: https://www.turmedmari.no/
Du kan fylge Mari Cathrine Karlsen på Instagram: @turmedmari
Målgruppe: For alle som likar natur og friluftsliv, for deg som jobbar med helse eller ynskjer å forstå meir om korleis vi kan bruke naturen som ein ressurs for betre fysisk og mental helse.
Dato: torsdag 7. mai 2026
Tid: kl. 19.00-20.30
Stad: Norsk fjellsenter i Lom
Inngangspris: kr. 100,-
Dørene opnar kl. 18.30 og foredraget startar kl. 19.00. Velkommen!

