Brefallet – om breliv og bredød
I samarbeid med Lom folkebibliotek inviterer vi til foredrag med den prisvinnande biologen og forfattaren Dag O. Hessen.
Kjetil Skaansar frå Lom blir også med for å presentere nokre av sine kunstverk. Skaansar er målar og skal illustrere Hessen si komande bok "Brefallet", som kjem til hausten. Boka er den siste i ein triologi om naturtap og tid, etter «Jervesporet» og «Fugleperspektivet».
Foredraget tek utgangspunkt i boka "Brefallet", om vårt forhold til brear og om konsekvensane av bresmelting.
Dag O. Hessen er professor i biologi ved Universitetet i Oslo, og har leia Senter for Biogeokjemi i Antropocen. Han forskar og skriv primært om evolusjon, økologi og koplinga mellom klima og naturtap. Han har også skrive ei rekke populærfaglege bøker om desse temaa. Hessen er frå Lillehammer og jobba fleire somrar som breførar på Spiterstulen.
Dato: 23. april 2026
Tid: kl. 19.00-21.00
Stad: Norsk fjellsenter
Inngangspris: kr. 100,-
Billett må kjøpast på førehand her: https://www.letsreg.com/no/register/DagOHessen

