Champions of the Golden Valley er ein prisvinnande dokumentar som tek oss med til ein avsidesliggjande fjelldal i Afghanistan, der ein spirande skikultur har blitt eit samlingspunkt for både glede og fellesskap.
Filmen følgjer Alishah Farhang, ein tidlegare OL‑håpefull alpinist som vender heim med eit sterkt ønske om å gi skigleda vidare til ungdommane i området. Med heimelaga treski, lånt utstyr og stor entusiasme møtest unge frå rivaliserande landsbyar til eit skirenn som utviklar seg til noko langt meir enn ein konkurranse. Her blir idretten eit rom for håp, mot og nye band mellom folk – midt i eit landskap prega av utfordringar og uro.
Champions of the Golden Valley er ei visuelt sterk og varm forteljing om korleis idrett kan skape samhald, styrke lokalsamfunn og bringe lys til dei mest uventa stadene i verda.
📅 Dato: torsdag 19. mars 2026
🕖 Tid: kl. 19.00-20.30
📍 Stad: Norsk fjellsenter i Lom
🎟️ Inngangspris: kr. 100,-
Dørene opnar kl. 18.30 og filmen startar kl. 19.00.
Vi gjer om galleriet til ein triveleg kinosal, så denne kvelden byttar vi ut plaststolen med sofa og godstol. Det blir også barservering og sal av popkorn. Velkommen til filmvising på Norsk Fjellsenter!
Sjå traileren her: https://www.youtube.com/watch?v=aj3dokeUCvI
Les meir om filmen her: https://www.championsofthegoldenvalley.com/
Back to All Events
Earlier Event: February 19
FOREDRAG // Denali – ei historie frå 1995, med Kjell Ola Haugen
Later Event: April 23
FOREDRAG // Brefallet - om breliv og bredød, med biolog og forfattar Dag O. Hessen

