Back to All Events

✨ Julefrokost med brearkeologane // sjå årets funn frå fjellet 🏹 (gratis inngang –påmelding på sms)

  • Norsk fjellsenter Brubakken 2 2686 Lom Norway (map)

Kvar haust går arkeologane i “Secrets of the Ice” i fjellet i Jotunheimen, Breheimen og Reinheimen for å leite etter gjenstandar som smelter ut av isen. Over 4500 skattar er funne i Innlandet, skattar som isen har teke vare på i fleire tusen år.

Brearkeologar frå Secrets of the Ice (ved Innlandet fylkeskommune og Kulturhistorisk museum) kjem til Lom i desember for å gå gjennom "ferskvaredisken" og gjenstandane frå årets leiteaksjon. Etter arrangementet blir funna frakta til Kulturhistorisk museum i Oslo for konservering.

Program:
Frokostservering, kaffi og bålfyring frå kl. 08.30.
Fagleg program frå kl. 09.30 til 10.30.

Arkeologane viser bilder frå sesongen, fortel om nye erfaringar frå felt og om dei unike funna frå fjella rundt oss. Dette håpar vi at du vil vere med på!

Påmelding er obligatorisk, slik at vi får nok mat til alle.
Meld deg på seinast innan tysdag 2. desember på sms til Norsk fjellsenter: mobilnr. 476 14 806.

Gratis inngang (men hugs påmelding!).
Sparebank1 Lom og Skjåk sponsar frokosten.

Arrangementet er eit samarbeid med Innlandet fylkeskommune, Kulturhistorisk museum og Secrets of the Ice.

Adresse: Norsk fjellsenter, Brubakken 2, 2686 Lom.

Earlier Event: November 18
SKREDKVELD