Back to All Events

Samtaler om Snøskredfaget

  • Norsk fjellsenter Brubakken 2 2686 Lom Norway (map)

Nasjonalt kompetansesenter for fjellredning inviterer deg til ein kveld med refleksjon og erfaringsdeling om snøskred. Vi tek opp tråden frå skredkvelden før jul og dykkar djupare inn i emner og problemstillingar. Med oss denne kvelden har vi fire erfarne gjester, Knut- Erik Tessnes, Iver Lund Aakre, Ørjan Venås og Albert Lunde. Med ulik kompetanse og erfaring vil dei bidra i samtalane.

📅 Dato: 15. januar 2026

🕖 Tid: 19-21

📍 Sted: Norsk fjellsenter

🔍 Kva kan du forvente?

• Ei uformell setting, med samtale i fokus

• Høgtenkning og refleksjon over eiga kunnskap om snøskred for å bidra til auka forståing av snøskredrisiko.

• Aktuelle tema i samtalene: Snøskred som fenomen, mytar og måtar ved vurdering av skredrisiko, uvisse og tryggleik ved ferdsel i skredterreng, skademekanismar ved snøskredulykker, moglegheit til å redde og korleis førebu seg, utstyr og ferdigheiter som kan kome godt med til fjells. Tema og døme vil koplast til særskilde utfordringar og faremoment ved ulike ruter og turar i Jotunheimen-området.

• Fyr på peisen og servering av kaffe/te

✨ Målgruppe:

Alle aktive fjellfolk som ynskjer å dele erfaringar om snøskred – eller høyre på andre sine refleksjonar rundt snøskred som faremoment til fjells.

Vi gler oss til ein inspirerande samtale!

👥 Påmelding: Maks 30 plassar. Påmelding på sms til 47614806