Ferskvassbiolog og forfattar Trygve Hesthagen tek oss med på ei reise gjennom sju tusen år med fiske og fiskekultur i Lom. Med utgangspunkt i den heilt nye boka "Bygdebok om fisk og fisking i Lom – ei sju tusen år lang historie" fortel han om dei eldste fangstanlegga i området, korleis fisket har forma lokalsamfunnet, og korleis tradisjonar, kunnskap og forvaltning har utvikla seg frå steinalderen til i dag.🐟
Foredraget gir eit unikt innblikk i arkeologi, naturhistorie og levd liv rundt vatn og vassdrag i Lom — ei forteljing om menneske, landskap og fisk som har følgt kvarandre gjennom tusenåra.
Dørene opnar kl. 18.30 og foredraget startar kl. 19.00.
📅 Dato: 22. januar 2026
🕖 Tid: kl. 19.00-20.30
📍 Stad: Norsk fjellsenter
🎟️ Inngangspris: kr. 100,-
Boka "Bygdebok om fisk og fisking i Lom – ei sju tusen år lang historie" får du kjøpt hos oss.
