Back to All Events

SKREDKVELD

  • Norsk fjellsenter Brubakken 2 2686 Lom Norway (map)

🏔️ Skredkveld – Skiglede for alle! ❄️

📍 Norsk Fjellsenter, Lom

🕡 Dørene opnar kl. 18.00 - Program kl. 19.00 -21.30

💰Gratis inngang. Inga påmelding

Sal av kaffe og kake.

Det er begrensa med sitjeplassar, så møt opp i god tid!

Skredkvelden er arrangert av DNT Gudbrandsdalen og Norsk fjellsenter, i samarbeid med Fyrst og Fremst/Iver Lund Aakre og 500fjell/Sondre Kvambekk.

----------------------------------------------------------

Velkomen til ein kveld full av inspirasjon, læring og turglede – enten du er erfaren toppturentusiast eller berre likar kaffe, fyr på peisen og gode fjellhistorier! ☕🔥

Frå kl. 18:00 opnar vi dørene med peiskos, kaffe og kakesalg før vi tek deg med inn i tema som trygg ferdsel, planlegging, og det som verkeleg betyr noko – gleda ved å være ute.

🗓️ Kveldens program:

🎒 Snøskred-ABC – lær kva som påverkar skredfare

🗺️ Turplanlegging i praksis – korleis velje tur og terreng, eit lite skodespel med Iver og Sondre

🎿 Turtips i nærområdet og introduksjon til KAST (klassifisering av skredterreng)

🌄 Ein månad i Reinheimen med pulk frå ytterdøra – Ingrid Flyen Brandstad

🌄17 toppar på 21 timar i Breheimen – Sondre Kvambekk

🛋️ Sofaprat med Sondre, Iver og Ingrid – om motivasjon, meistring og turglede

ℹ️ Avslutning: Informasjon om vinterens skredkurs og turar ved DNT Gudbrandsdalen

💬 Denne kvelden handlar ikkje berre om skred – men om skiglede for alle.

Uansett om du drøymer om bratte renner, rolege vidder eller berre ein kopp kaffi ute i frisk luft, er dette kvelden for deg! 💙