Back to All Events

BRUKTSAL // Gjer eit miljøvennleg kupp! Kjøp eller sel vinterklede og skiutstyr.


  • Norsk fjellsenter Brubakken 2 2686 Lom Norway (map)

Norsk fjellsenter og DNT Gudbrandsdalen inviterer til vidaresal av brukte friluftsklede og skiutstyr for vaksne til vintersesongen.

Er du klar for snø, ski og kalde dagar? Stikk innom oss og fiks vintergarderoben og utstyrsboden – utan å tømme lommeboka!

Når: Fredag 7. og laurdag 8. november kl. 10–16
Kvar: Norsk fjellsenter i Lom

Spar pengar, spar miljøet, og få kvalitetsutstyr som varar! Kanskje finn du akkurat den dunjakka eller dei fjellskia du manglar? Alle varer er reine og i god stand – klare for nye eventyr!

Museet er ope, og det blir sal av kaffi og kake.

//

HAR DU UTSTYR ELLER KLEDE DU VIL SELGE?

Har du ei skalbukse som blei for trang, ullundertøy du ikkje brukar meir eller eit par ski for mykje? Gi utstyret ditt eit nytt liv!

Slik leverer du:
- Kom innom Norsk fjellsenter kvardagar kl. 9–16.
Det står stativ i gangen (gå inn inngangen på oversida/baksida av bygget) der du kan henge frå deg klede/sette utstyr.
- Levering på fjellsenteret seinast fredag 7. november kl. 8–10.
- I Vågå: Avtal direkte med Thea på mobilnummer 90656326.

Hugs å merke alt med pris og Vipps-nummer. Bruk fryseteip, fest på ein lapp med snor eller noko anna som sit godt fast. Kleda og utstyret må vere reint og i god stand (gjerne reparert). Du bestemmer sjølv pris.

Klede/utstyr du leverer som ikkje blir seld kan hentast på fjellsenteret søndag 9. november kl. 9–12. Eventuelle uavhenta klede blir gjeve til flyktningetenesten.