Lom folkebibliotek og Norsk fjellsenter inviterer til foredraget "Beredskapshagen – slik får du mat ut av plenen" med Anders og Barbro Nordrum. Arne Brimi kjem også for å seie nokre ord om mat med identitet.
Foredraget vil gi ei enkel innføring i erfaring og kunnskap om dyrking og lagring av ulike grønnsakar, der også gammal kunnskap har ein plass.🥬🥔🥕
Du vil lære om korleis du kan skape god og fruktbar jord med minimale ressursar, med sikte på auka lokal matberedskap i krisetid. Ekteparet gir i september ut bok om kvitlauksdyrking i Noreg, så foredraget vil også handle om det.
📚 I 2021 vart boka "Beredskapshagen, slik får du mat ut av plenen", gitt ut i samarbeid med dottera Maria. Boka får du kjøpt på Norsk fjellsenter.
Bakgrunn:
Anders er gartnar og pedagog og har til saman 22 år bak seg som praksislærar og gartnarfaglærar ved Gjennestad vidaregåande (tidlegare gartnerskule) i Vestfold. I tillegg har han i 15 år jobba som verksbetjent i kriminalomsorgen – med gartnarfag som verktøy. Barbro vaks opp på gard, er barnehagelærar, husmor og ein aktiv kjøkkenhagedyrkar.
Anders og Barbro grunnla i 2015 bloggen og foretaket "Datsja". Ein datsja er ein liten landstad der mange aust‑europeiske familiar gjennom sovjettida dyrka store delar av maten sin. Folk var på denne tida avhengige av det dei klarte å produsere sjølve, og dei utvikla difor mykje praktisk kunnskap om dyrking og sjølvberging. Det er denne kulturen og erfaringsbakgrunnen som viser veg i det Anders og Barbro formidlar.
Les meir om arbeidet deira her: https://www.datsja.no/
Foto: Øystein Klausen
🗓️ Dato: måndag 14. september 2026
🕔 Tid: kl. 18.30-21.00
📍Stad: Norsk fjellsenter i Lom
🎟️ Inngangspris: 100,-

