Back to All Events

Reinheimen 20 år – Jubileumstur søndag 6. september

  • Norsk fjellsenter Brubakken 2 2686 Lom Norway (map)

Bli med på jubileumstur i Ottadalen landskapsvernområde, som er eit av seks store landskapsvernområde knytt til Reinheimen.

Turen startar frå Åslie i Lom og går opp i høgfjellet til Honnsjoen. Frå Honnsjoen følgjer vi «Olavsråket» over Liafjellet til Stavbrekka og Stavåsen, vidare ned setervegen til Staurust og attende langs Skim til Tronodden.

Turen er i regi av Nasjonalparkstyret for Reinheimen og Besøkssenter-nasjonalpark Norsk fjellsenter. Reidar Marstein blir med som kjentmann og vil bidra med sin kunnskap undervegs.

Sett av dagen no, så kjem vi attende med meir praktisk informasjon og påmelding etter sommarferien.

Ottadalen landskapsvernområde omfattar om lag 229 km² i kommunane Skjåk, Lom og Vågå. Området er eit ope og samanhengande høgfjellslandskap over skoggrensa inntil nasjonalparken, utan setrer eller anna infrastruktur. Samstundes er det eit viktig område for utmarksbeite, men ikkje minst eit viktig leveområde for villrein.

Jakt, fiske og ferdsel har lange tradisjonar i området, som også er rikt på kulturminne knytt til fangstkultur og vatning. Ottadalen landskapsvernområde er eit verdifullt landskap der urørt høgfjellsnatur, kulturhistorie og berekraftig bruk av utmarksressursar går hand i hand.

Vatningsanlegga i Ottadalen er ein unik del av kulturarven i fjellbygdene. På grunn av lite nedbør har bøndene gjennom generasjonar utvikla avanserte system for å leie vatn frå fjellet til jordbruksareala i dalen. Desse anlegga, som har parallellar til tradisjonelle vatningssystem i Alpene, består av dammar, vassveiter, luker og trotak som på imponerande vis er tilpassa terrenget. Mange av anlegga er framleis i bruk i dag og er verdifulle både for landbruket og som levande kulturminne som fortel historia om menneska si tilpassing til naturen.

🗓️ Dato: søndag 6. september 2026

🕔 Tid: kl. 10.00

📍Stad: Oppmøte i Åslie i Lom

Earlier Event: August 30
Soppkontroll på Norsk fjellsenter