Back to All Events

FOREDRAG // Startskotet for norsk klatresport, med Knut Ihlen Tønsberg

  • Norsk fjellsenter Brubakken 2 2686 Lom Norway (map)

Norsk fjellsenter inviterer til foredraget "Startskotet for norsk klatresport" med Knut Ihlen Tønsberg.

For 150 år sidan skaut fjellturismen fart og blanda seg med ei politisk, nasjonal reisning. Folk ville oppleva fjellheimen, men få av dei bratte toppane hadde hatt besøk 🏔️

I juli månad 1876 drog tre karar gjennom Jotunheimen for å nå toppen av dei "heslege" tindane. Engelskmannen Slingsby, bergensaren Emanuel Mohn og Knut Lykken frå Østre Slidre.

Dei tre vardesette seks toppar på seks dagar - ei rekord utan like i klatrehistoria. Det var Torfinnstind og Galdebergtind ved Bygdin samt Uranostind, Slingsbytind og Gjertvasstind.

Den siste av dei seks toppane var Store Skagastølstind som var rekna som den gjevaste. Men på toppen av den kom berre ein av dei tre; engelskmannen Slingsby. Det vart jamgodt med skandale - at nordmennene svikta då det verkeleg gjaldt. Men startskotet for norsk klatresport vart det likevel.

🗓️ Dato: torsdag 20. august 2026

🕔 Tid: kl. 19:00, dørene opnar 18:30

📍Stad: Norsk fjellsenter i Lom, Brubakken 2, 2686 Lom

🎟️ Inngangspris: 100,-

Foto: Emanuel Mohn og Slingsby fotografert av Lars Andersen i Ålesund i 1876.

Earlier Event: July 1
Sjå skattane frå isen
Later Event: August 30
Soppkontroll på Norsk fjellsenter