Back to All Events

Kan ein gjenskape engmark ved restaurering? Erfaringar frå 16 år med feltarbeid på Mo gard i Nordherad

  • Norsk fjellsenter Brubakken 2 2686 Lom Norway (map)

Kan ein gjenskape engmark ved restaurering? Erfaringar frå 16 år med feltarbeid på Mo gard i Nordherad.

Kan artsrike enger gjenskapast etter år med attgroing? På Mo gard i Nordherad har forskarar gjennom 16 år fulgt restaureringa av tidlegare engmark for å undersøkje om artsmangfaldet kan byggjast opp att. I dette foredraget presenterer Harald Bratli erfaringar og resultat frå prosjektet, og viser korleis rydding, beite og langsiktig oppfølging påverkar plantelivet. Foredraget byggjer på arbeidet til både Harald Bratli og Rune Halvorsen.

Om Harald Bratli

Harald Bratli er førsteamanuensis ved Naturhistorisk museum, Universitetet i Oslo. Han har tidlegare jobba som forskar ved Norsk institutt for skog og landskap (nå NIBIO) og Norsk institutt for naturforskning (NINA). Han er vegetasjonsøkolog, og arbeider hovudsakeleg i kulturlandskap og i skog. Han har også erfaring frå fjell- og myrvegetasjon, og opne naturtypar som strandeng, sanddyner, rasmark og berg.

Om Rune Halvorsen

Rune Halvorsen er professor ved Naturhistorisk museum, Universitetet i Oslo. Han er fyrst og fremst vegetasjonsøkolog som har arbeidd med analyse av variasjon i artssamansetning i norsk natur og identifisering av miljøfaktorar som er viktige for variasjon i artssamansetninga. Han har særleg arbeidd i myr, boreal skog, kulturlandskap og fjell.

Dato: torsdag 22. oktober 2026
Tid: kl. 19:00, dørene opnar 18:30
Stad: Norsk fjellsenter i Lom, Brubakken 2, 2686 Lom
Inngangspris: 100,-

Earlier Event: October 10
Lom tamreinlag 100 år
Later Event: November 12
Lom skifestival 2026