Under Lom skifestival inviterer Norsk fjellsenter til vidaresal av brukte friluftsklede til vintersesongen.
Er du klar for snø, ski og kalde dagar? Stikk innom oss og fiks vintergarderoben og utstyrsboden – utan å tømme lommeboka!
Når: Fredag 13. og laurdag 14. november kl. 10–16
Kvar: Norsk fjellsenter i Lom
Spar pengar, spar miljøet, og få kvalitetsutstyr som varar! Kanskje finn du akkurat den dunjakka eller dei fjellskia du manglar? Alle varer er reine og i god stand – klare for nye eventyr!
//
HAR DU UTSTYR ELLER KLEDE DU VIL SELGE?
Har du ei skalbukse som blei for trang, ullundertøy du ikkje brukar meir eller eit par ski for mykje? Gi utstyret ditt eit nytt liv!
Slik leverer du:
- Kom innom Norsk fjellsenter kvardagar kl. 9–16.
Det står stativ i gangen (gå inn inngangen på oversida/baksida av bygget) der du kan henge frå deg klede/sette utstyr.
Hugs å merke alt med pris og Vipps-nummer. Kleda og utstyret må vere reint og i god stand (gjerne reparert). Du bestemmer sjølv pris.
MEIR INFORMASJON KJEM

