Brear har forma landskapet vårt gjennom ei rekke istider. Dei har skapt fjordar, dalar og fjelltoppar. Det er om lag 275,000 brear i verda i dag og saman med dei to store innlandsisane Grønland og Antarktis lagrar dei heile 70 % av verdas ferskvatn.
Men no smeltar breane i rekordfart. FN har erklært 2025 som Det internasjonale året for bevaring av brear. Initiativet kjem frå Tadsjikistan.
Kan engasjement og kunnskap om kva breane betyr og kva som står på spel, få fortgang i reduksjon av klimagassutslepp?
Torsdag 5. juni inviterer vi til opning av den nye utstillinga NÅR ISEN BRYT på Norsk fjellsenter.
Program for kvelden:
- Velkomen ved Thea G. Dalen i Norsk fjellsenter
- Verdas brear og bresamfunn – Miriam Jackson i NVE
- Breane i Jotunheimen, lokale erfaringer med eit globalt perspektiv - Liss M. Andreassen i NVE
- Musikalsk innslag frå Iselin Anna Aukrust
Lett servering
Fri inngang