VELKOMEN TIL NORSK FJELLSENTER I LOM!

På fjellsenteret finn du kunnskap, inspirasjon og opplevingar før du tek turen vidare til fjells. I fjellmuseet fortel vi historia om livet i fjellet i førhistorisk tid og syner brearkeologiske funn som er gjort i fjella rundt oss dei siste åra. Som besøkssenter nasjonalpark gjev vi deg informasjon om nasjonalparkane Jotunheimen, Reinheimen og Breheimen.

Velkomen til oss!

På Norsk fjellsenter finn du:

NORSK FJELLMUSEUM

NORSK FJELLMUSEUM

Utstillinga i fjellmuseet syner menneske sin bruk av fjellet i førhistorisk tid. Hovudutstillinga syner brearkeologiske funn frå nasjonalparkane kring oss.

FJELLBØKER OG MUSEUMSBUTIKK

FJELLBØKER OG MUSEUMSBUTIKK

I museumsbutikken har vi eit stort utval bøker om fjell og nasjonalparkar, historie og lokalhistorie og bøker for ungar. Her har vi også postkort, smykker og suvenirar.

BESØKSSENTER NASJONALPARK

BESØKSSENTER NASJONALPARK

Norsk fjellsenter er besøkssenter for nasjonalparkane Jotunheimen, Reinheimen og Breheimen. Her finn du informasjon om fjellområda og turar i fjellet.

60 meter inn i isen - 6000 år attende i tid

60 meter inn i isen - 6000 år attende i tid

KLIMAPARK 2469

I Klimapark 2469 blir du guida gjennom klimahistorie og fleire tusen års jakt- og fangsthistorie. Bli med oss 60 meter inn i isen - 6000 år attende i tid!

Kjøp billett her

FYRST OG FREMST

Fjellsenteret samarbeider med guidefirmaet Fyrst og Fremst som tek deg med inn i naturen, opp i fjellet. Dra til fjells med Fyrst og Fremst!

Fjellsenteret samarbeider med guidefirmaet Fyrst og Fremst som tek deg med inn i naturen, opp i fjellet. Dra til fjells med Fyrst og Fremst!

Dette skjer på fjellsenteret

RÅDYRTRAKKET - GÅTER FOR DEI YNGSTE

I skogen i Presthaugen ved fjellsenteret kan du sjå fleire dyr. Dei har laga gåter om seg sjølv som dei ønskjer at du skal finne svaret på medan du leitar etter dyra. Spør etter rådyrtrakket på fjellsenteret. 

Kunstutstilling: Kristen HolBØ

Denne sommaren er vi glade for å kunne stille ut måleri etter kunstnaren Kristen Holbø (1869-1953). Han skildra fjella med breie og fargesterke penselstrøk. Holbø var fødd i Vågå og hadde sterke band til heimfjella gjennom heile livet. Utstillinga står i perioden 25. juni til 9. oktober, og har også måleri og skisser frå Holbø til sals.

Frå Kristen Holbø-utstillinga.

Frå Kristen Holbø-utstillinga.

BREARKEOLOGIEN I OPPLAND

I ferskvaredisken i utstillinga kan du sjå heilt ferske funn, mellom anna restane etter ei slede som vart funne ikkje langt frå den 1300 år gamle Reinheimskia. På nettsida www.secretsoftheice.no kan du lesa meir og få siste nytt om det brearkeologiske arbeidet!

FJELLSENTERET FOR UNGAR

Ta med heile familien til fjellsenteret! I hula kan ungane sjå film eller studere detaljer i naturen i mikroskopet. Kan du finne Karlsvogna på stjernehimmelen i hula? I biblioteket er det teiknesaker og barnebøker, og i auditoriet kan du sjå filmen om arkeologane sitt arbeid i fjellet før du besøker utstillinga. På fjellsenteret kan ungane også lære om nasjonalparkane i Noreg og studere kart.

GÅVEKORT

På fjellsenteret får du kjøpt gåvekort som inkluderer
- tur i Klimapark 2469 for to personar
- besøk på Norsk fjellsenter

Ta kontakt med oss!

SISTE NYTT