Frå venstre: Dagleg leiar Mai Bakken, rådgjevar Thea Grobstok Dalen, formidlar Olav Tøfte, ordførar Kristian Frisvold og næringssjef Åshild Myhre Amundsen.

20 millionar frå Sparebankstiftinga DNB til Norsk fjellsenter, Klimapark 2469 og samarbeidande forskingsinstitusjonar

 

– Draumen, tankane og planane om kanskje verdas viktigaste klasserom, med høgfjellet som kunnskapsarena, kan nå bli ein realitet, seier ei svært glad Mai Bakken, dagleg leiar i Norsk fjellsenter.

Formidling av kunnskap

Norsk fjellsenter og Klimapark 2469 skal gjennom ein periode på 4 år byggje opp nye formidlingsarenaer, både digitale og fysiske. Gjennom prosjektet «Fjellviten» har dei, i samarbeid med fleire leiande forskingsinstitusjonar, fått 20 millionar kroner frå Sparebankstiftinga DNB.

Prosjektet skal bidra til betre overvaking av klimaendringar i høgfjellet, og ikkje minst bidra til at «alle» får moglegheit til å delta i klimaovervakinga og lære meir om endringar som skjer i høgfjellet.

– Å bidra til at unge og unge vaksne skal få kunnskap, og ikkje minst bli involvert i utvikling av kunnskap, har vore eit stort mål for oss sidan vi etablerte Klimaparken som ein fysisk arena i høgfjellet i 2011, seier Mai Bakken.

Ho fortel at auka verdiskaping og innovasjon også er mål dei har sett seg, og at dei gjennom å ta i bruk nye formidlingsverktøy får moglegheit til å involvere og gjera klimaovervakinga meir tilgjengeleg. Dei får òg moglegheit til å nå breiare ut nasjonalt og internasjonalt.

Ein annleis skuledag på Norsk fjellsenter for 3. klassingane frå Lom.

– Heilt rått!

– Heilt rått! seier ordførar Kristian Frisvold, som saman med næringssjef Åshild Myhre Amundsen jublar om kapp med Mai Bakken for det store prosjektet som nå er i gang på Norsk fjellsenter.

– Dette blir eit enormt lyft for formidling av natur og klima i høgfjellet både nasjonalt og internasjonalt, med Lom som utgangspunkt. Her blir dei beste forskarane i Noreg samla, forskarar som vil bidra til at vi kan spreie data i sanntid om dei dramatiske endringane som går føre seg med klimaet og permafrosten vår. Dette blir ein unik arena for elevar i heile landet, ikkje minst for elevar ved Nord-Gudbrandsdalen vidaregåande skule som har fjellsenteret og klimaparken så nær, seier lomsordføraren.

Naturformidling i Klimapark 2469.

Unik kombinasjon

Fylkesordførar Thomas Breen slår fast at vi står overfor formidable oppgåver for å avgrense effektane vi har med overforbruket av ressursane i naturen.

– Klima og naturkrise heng tett saman. Dersom vi skal løyse desse utfordringane, må både kompetansebygging, kunnskapsdeling og interesse gå hand i hand. Derfor er det svært gledelege nyheiter at Sparebankstiftelsen ser verdien av det arbeidet som er gjort og skal gjerast gjennom Klimaparken. Dersom vi som har delansvar som beslutningstakarar får gjort naudsynte vedtak, må også legitimiteten i befolkninga vera til stades. Dette er den unike kombinasjonen av kompetansebygging, kunnskapsdeling og auka interesse for temaene som klimaparken bidreg til på ein unik måte. Dette vil vera eit svært verdifullt bidrag på vegen vidare, meiner fylkesordføraren.

Eit 500 år gamalt hundeskjelett som har smelta fram frå isen. Hunden kan du sjå i den brearkeologiske utstillinga Frose i tid på Norsk fjellsenter.