Korleis var livet som viking i fjella? Bli med og prøv! Foto: Kjersti Frackmann Strass

Korleis var livet som viking i fjella? Bli med og prøv! Foto: Kjersti Frackmann Strass

Fjellviking for ein dag?

La ungane reise attende i tid og prøve seg som fjellvikingar.

Fire fredagar i sommar er det eige vikingtema for ungar:

Bli med på ei runde hnefatafl! (Fredag 14. juli)

Eit av dei mest kjende vikingspela heiter hnefatafl, eller "kongens bord". Vi veit ikkje heilt korleis reglane var, men denne dagen får du vere med å spele hnefatafl slik vi trur vikingane spelte det. Du får også vere med og sjå fleire kule funn frå vikingtida i utstillinga på Norsk fjellsenter.

Oppmøtetider:
Kl. 11, kl. 13 eller kl. 15. Oppmøte ved vikingteltet utanfor Norsk fjellsenter. Opplegget varar rundt ein time.

Nedre aldersgrense: 7 år. Arrangementet er gratis for alle som har museumsbillett til Norsk fjellsenter.

Skriv eit ønske med runer! (Fredag 21. juli)

Vikingane sitt skriftspråk var runer. Men runene var ikkje berre bokstavar — dei var magiske. Denne dagen kan du velje deg ei rune som du rissar inn i ein ønske-amulett.

Du får også vere med og sjå fleire kule funn frå vikingtida i utstillinga på Norsk fjellsenter.

Oppmøtetider:
Kl. 11, kl. 13 eller kl. 15. Oppmøte ved vikingteltet utanfor Norsk fjellsenter.

Nedre aldersgrense: 7 år. Arrangementet er gratis for alle som har museumsbillett til Norsk fjellsenter.

Bli med på pil- og bogeskyting (Fredag 28. juli)

Klarar du å treffe blink? Dei gamle villreinjegarane var drevne bogeskyttarar. Likevel måtte dei tett på dyra for å treffe. Kom og prøv gamaldags bogeskyting og sjå kor gøy det er. Du får også vere med og sjå Noreg si eldste pil, ein 6100 år gammal pilbit frå eldre steinalder, og Noreg sin eldste boge i utstillinga på Norsk fjellsenter.

Oppmøtetider:
Kl. 11, kl. 13 eller kl. 15. Oppmøte ved vikingteltet utanfor Norsk fjellsenter.

Nedre aldersgrense: 10 år. Arrangementet er gratis for alle som har museumsbillett til Norsk fjellsenter.

Tenn bål med flint og eldstål! (Fredag 4. august)

Skulle vikingane ha eld, måtte dei greie seg med stein, eldstål og heimlaga knusk. Denne dagen kan du lære deg kunsten å få fyr med dei enkle reiskapa. Får du det til? Det er funne mange spor etter vikingane i fjella kring Lom. Ei heil vikinggrav, Noreg sin einaste vikingvott og eit heilt spyd. Du får se 100 funn frå isen i fjella i den splitter nye utstillinga på Norsk fjellsenter.

Oppmøtetider:
Klokka 11, klokka 13 og klokka 15. Oppmøte ved vikingteltet utanfor Norsk fjellsenter (inne dersom det er skikkeleg dårleg vêr). Opplegget varar rundt ein time.

Nedre aldersgrense: 7 år. 10 år på bogeskyting. Arrangementet er gratis for alle som har museumsbillett til Norsk fjellsenter.

Er du med som følge, får du kaffi eller te inkludert dersom du kjøper din eigen billett til utstillingane på Norsk fjellsenter. Søsken under 4 år får gratis inngang til utstillingane, og søsken mellom 4 og 6 år får inngang til 50 kroner. Publikumsarealet med bål og sitteplassar er ellers fritt tilgjengeleg for dykk. Velkommen!