Opplev Norsk fjellsenter

BERGTATT
Ny utstilling i 2018! Fjellpionerar og fonnefunn. Fjellvikingen sitt sverd. Friluftslivet frå Slingsby til selfiestang. Fangst og ferdsel. Interaktivt fjellvitensenter. Vêrrom med høgfjellet rett i fletta. Myter, fjelleventyr og ein svært handfast mammut: Bli BERGTATT i utstillinga som let deg oppleve høgdepunkta i fjellhistoria på eit fat.

FJELLVITEN OG VÊRROM

Lær om geologi og klima, sjå korleis vatnet kan forme landskapet - og besøk vêrrommet med skodde og lyn og torden!

BESØKSSENTER NASJONALPARK
Fjellsenteret er autorisert besøkssenter for Jotunheimen, Reinheimen og Breheimen nasjonalparkar. Hos oss får du tips om turar og dei gode turkarta. Og du, vi vil gjerne sjå glimt frå di turoppleving - bruk gjerne #norskfjellsenter!

BUTIKK OG KAFE
I butikken finn du bøker for store og små, suvenirar, mammutbamser, smykker og mykje anna. På kjølege dagar fyrer vi i peisen - kjøp deg ein kopp kaffe eller te og slå deg ned!