Fjellmuseets venner

Ønskjer du å bli medlem? Ta kontakt på post@norskfjellsenter.no eller ring på 61 21 16 00.

Som venn av fjellmuseet har du desse fordelane:

  • Gratis inngang på fjellsenteret
  • Turkameratar får 50 % rabatt på inngangsbilletten
  • 10 % rabatt på kjøp i museumsbutikken

Norsk Fjellmuseums Venner er ei foreining som har som føremål å støtte verksemda og føremålet til Norsk Fjellmuseum.

Gjennom året har venneforeininga ulike arrangement på fjellmuseet. Følg med på norskfjellsenter.no og Norsk fjellsenter på Facebook for oversikt over arrangement. Foreininga har sete i Lom. Både enkeltpersonar og føretak, foreiningar, offentlege og private institusjonar samt kommunar kan vera medlem i venneforeininga. Støtta til fjellmuseet kan ytast på ulike måtar, til dømes økonomisk eller fagleg, eller som arbeidsressursar. Aktivitetane til foreininga bør ha et breitt fagleg fokus og femne både naturminne, kulturlandskap og fjellets kulturarv og tradisjonar.

Vedtektene til venneforeininga finn du her.