Møte på fjellsenteret?

Dersom du er ute etter ei spesiell ramme rundt møtet, kan du ta ein titt på møtefasilitetane. Ute etter ei spesiell rammet rundt møtet? Legg møtet til Norsk fjellsenter - med utsikt over fossande Bøvre og Reinheimen nasjonalpark. I samarbeid med lokale bedrifter som Brimibue og Bakeriet i Lom byr vi på lunsj og enkel servering med noko ekstra. Vi har møtelokale som passar til både små og større grupper.

På fjellsenteret har vi stort vrimleareal, nytrakta kaffe, peis som vi gjerne fyrar på, fjellbibliotek, butikk og bokhandel. Ta ei pause frå møtet og bli med inn i utstillinga Bergtatt, med eller utan guide.

Ta kontakt med oss for pris og bestilling.

 

IMG_3876.JPG

GALLERIET

I direkte tilknyting til vrimlearealet tilbyr vi eit stort møterom med prosjektor, mikrofon og høgtalarar. Plass til inntil 50 personar.

REINHEIMEN

Møterom med god utsikt! Rommet har plass til 20 personar. Her har vi også ei fin utstillinga av utstoppa dyr og fuglar.

LITE MØTEROM

Med plass til inntil ti personar. Skjerm for oppkopling til pc. Whiteboard.