Norsk fjellsenter er besøkssenter for nasjonalparkane Jotunheimen, Reinheimen og Breheimen. Fjellsenteret er ein del av Stiftinga Norsk Fjellmuseum, og er også forvaltningsknutepunkt. Fjellmuseet skal syne menneske sin bruk av fjellet i førhistorisk tid med brearkeologiske funn frå nasjonalparkane kring oss. På fjellsenteret skal fjellmuseet og dei andre aktørane på huset samhandle under ein felles overbygnad: Kompetanse og arbeidsoppgåver knytt til folk og fjell. Her husar vi mange:


NORSK FJELLMUSEUM

Skal arbeide for å verne kultur og naturverdiar i fjellområda gjennom innsamling, dokumentasjon, forskning, formidling og informasjon. Fjellmuseet har eigne samlingar og er delkonsolidert med Gudbrandsdalsmusea. 

NASJONALPARKFORVALTARAR FOR JOTUNHEIMEN OG REINHEIMEN

Forvaltarane har ein sekretærfunksjon for nasjonalparkstyra. Nasjonalparkstyra er oppnemnd av Miljøverndepartementet som forvaltningsmynde for nasjonalparkane. Kari Sveen er forvaltar for Jotunheimen og Kristine Sørlie for Reinheimen

FORENINGEN NORGES NASJONALPARKKOMMUNER OG NASJONALPARKLANDSBYER
Foreningen består av 28 nasjonalparkkommuner og fem nasjonalparklandsbyar. Foreininga skal bidra til brei verdiskaping i og rundt nasjonalparkane i samarbeid med andre aktørar under merket Norges nasjonalparkar. Foreininga skal vera ein aktør som samordnar ressursbruk mellom kommuner, nasjonalparkstyre, næring og andre, samt påta seg rolla som fasilitator. Bjørn Åge Jensen er koordinator.

NATUROPPLEVINGAR
Naturopplevingar har siden 1993 opparbeidd seg mykje kunnskap og erfaring gjennom sine aktivitetar og arrangement med bedrifter, grupper og individuelle. Vårt mål er å gje deltakarane gode og heilskaplege opplevingar. Våre aktivitetar blir gjennomført med få deltakarar per veileder. Dette gjev føresetnader for god kommunikasjon, sikkerheit og handlefriheit. Vi har heilårsdrift og opererer forskjellige stader i landet. Naturopplevingar er miljøsertifisert.

GUDBRANDSDALSMUSEA

Gudbrandsdalsmusea skal vera ein møtestad for arbeid med natur, kultur, kunst og kunnskap. Museet skal formidle, vidareutvikle sin kompetanse på natur- og kulturhistorie og vera aktiv i utviklinga av eit kulturbasert næringsliv. Linda Trøen har kontor på fjellsenteret.

STATENS NATUROPPSYN (SNO)

Statens naturoppsyn sine oppgåver er naturoppsyn etter naturoppsynslova. SNO er og tildelt eit særleg ansvar for rovviltregistrering og skadedokumentasjon. Kontoret i Lom arbeider særleg med rovvilt og villrein, og har det regionale rovviltansvaret i Oppland. Naturoppsyn Espen Bø har kontor på fjellsenteret.

KLIMAPARK 2469
 

Klimapark 2469 AS er utvikla i samarbeid med fagleg kompetanse knytt til forsking og formidling. Klimaparken og istunnelen ved Galdhøpiggen skal treffe eit breidt publikum, formidle deltakande opplevingar og innsikt i pågående klimaprosesser og samspillet mellom natur og mennesker i et langtidsperspektiv. Formidlingen og opplevelsene skal skape interesse og forståelse for tematikken, samt bidra til verdiskaping og innovasjon. Dag Inge Bakke og Mai Bakken finn du her på fjellsenteret.

LOM FJELLSTYRE
 

Fjellstyret forvaltar bruksrettane, jakt og fiske i statsallmenningen, medan Statskog forvaltar grunneigarrettane. Fjelloppsynet er tilsett av fjellstyret, og driv sakshandsaming, har tilsyn med statsallmenningen, driv informasjonsarbeid, tilrettelegging, skjøtsel og naturovervaking. Oppsyn Odd Repp og Magny Hilde har kontorplass her.