NORSK FJELLSENTER I LOM
Opningstider:
1. november–16. mai:
onsdag–fredag kl. 10–15
Vår 2024:
22. mai–16. juni: kl. 10–16 (10–16)
Sommar 2024:
17. juni–18. august: kl. 9–19 (9–17)
Stengt 17. mai og pinsehelga, i jula og påska.
Kanskje har du ei jakke eller bukse med øydelagd glidelås? Har favorittrøya di fått eit hol eller er ullstillongsen slitt på knea? Denne kvelden vil du lære å reparere turkleda slik at dei kan halde deg tørr og varm på enda fleire turar, samstundes som du sparar både miljøet og lommeboka.
Bli med på ei reise til fortida i utstillinga Frose i tid. Sjå Noregs eldste sko, ein vott frå vikingtida, eit 500 år gammalt hundeskjelett, eit over to meter langt spyd og andre unike spor etter forfedrane våre.
Kva skjedde då Arentz forsvann? Den myteomspunne fjellvandraren Fredrik Arentz er hovudpersonen i foredraget til Inge Kjell Holme på Norsk Fjellsenter 29. august. Du får også høyre om naturvern, turglede og kvinnelege klatrepionerar som i lag med lokale fjellførarar besteig dei høgaste tindane i Noreg.