Back to All Events

Kulturkveld // Operatablået Stemmer frå Mímisbrunnr, Mari Midtli og lokale godbitar

  • Utgard fleirbrukshus Bergomsvegen 41 2686 Norge (map)

Velkomen til klima- og kulturkveld i Utgard!

Kvelden byr på både opera, folketonar, lokale smakebitar og ureist brygg. Sølvstrupa Mari Midtli innleiar med folketonar og utdrag frå bestillingsverket Bergtatt. Så kjem ein apell før operatablået Stemmer frå Mímisbrunnr med solist Gro Bente Kjellevold og Eirik Roland Egeberg-Jensen svingar i gang.

Operatablået Stemmer frå Mímisbrunnr er bygd opp kring 14 vers frå eddadiktet Voluspå og er eit utdrag frå operaverket Volva sin spådom. I Utgard opptrer to solistar i rollene som volva og Odin, akkompagnert av orkester over høgtalarane. Eddadiktet Voluspå – det mektigaste diktverket frå nordisk middelalder – rommar ein storslagen visjon av heile den kosmiske historia, frå urtida, skapinga, historieforløpet og verda sin fryktelege undergang i Ragnarok. Diktet endar med volva sin visjon om ein ny og annleis verdsorden som skal kome etter undergangen.

Volva er ein profetisk kvinneskikkelse, den mest vise og kloke av alle dei mytiske skapningane i det norrøne panteon. I operatablået Stemmar frå Mímisbrunnr har Odin mana volva fram frå dødsriket for å gje kunnskap til gudar og menneske.

Eddadiktet Voluspå er vitnesbyrd om ein urgamal omsorg for kloda og menneska sitt livsgrunnlag. Den universielle bodskapen i Voluspå er at menneska må skaffe seg kunnskap og utvise visdom i sin forvaltning av skaparverket.

Operatablået utfordrar publikum til å opne eigne sinn og sansar for å svare på volva sitt eksistensielle spørsmål:

"Veit de nok, eller kva?"

Kjøp billett

Volva: Gro Bente Kjellevold // Mezzosopran

Odin: Eirik Roland Egeberg-Jensen // Bassbaryton

Komponist: Ragnar Søderlind

Lyddesign: Mats Claesson

Tekstansvarlig: Gro Steinsland.

Produsentar: Thea Grobstok Dalen og Espen Finstad

Earlier Event: May 9
Lomsløftet