Back to All Events

Kunstutstilling


Hilde Aagaard, Ragnhild Enge og Jan Egge stiller ut sine arbeid i galleriet under tittelen Album.

Hilde Aagaard er oppvakse på Lillehammer. Ho har tidlegare vore busett i Oslo, London og Aten. Ho bur og arbeidar i Lillehammer. Ho er vinnar av Vakre vegars pris 2018 for arbeidet med Mellomdokka rasteplass ved E6 på Frya-Sjoa, saman med kunstnaren Marit Arnekleiv. Aagaard er utdanna frå Chelsea College of Art and Design, MA, i London, Statens Kunstakademi i Oslo og NAVF-stipendiat frå kunstakademiet i Aten.

Ragnhild Enge er ein norsk tekstilkunstnar, busett på Lillehammer. Ho er utdanna frå Konstindustriskolan i Göteborg 1972 – 1976, og har sidan etablert seg som merittert billedvevar gjennom ei rekke utstillingar.

Enge har utført fleire offentlege utsmykkingar, og hennar arbeide er kjøpt inn av mellom anna Televerket / Telenor, Göteborg by og Statens Konstråd, Sverige. I samarbeid med billedkunstnaren Håkon Gullvåg fekk ho i oppdrag å veve motiva til den særeigne bispekåpa som i dag nyttes i Nidarosdomen.

Jan Egge er billedkunstnar og opphaveleg frå Stryn, men bur i dag på Lillehammer og arbeider med abstrakt måleri, utsmykkingar og installasjonar. Han har dei siste åra særleg prøvd å gå inn i naturen der han kjem frå. Han ønsker å finne fram motiv og uttrykk som han kjenner - stader med karakter, former, overflater og spor av historie. Egge er kjøpt inn av mellom anna Lillehammer Kunstmuseum og Sogn og Fjordane Kunstmuseum. Jan Egge er utdanna først frå arkitektavdelinga på NTH (NTNU) og seinare ved Statens Kunstakademi.