Reint fjellvatn - reint samvit

I ei verd der vassressursane er knappe og klimautsleppa er for høge ønskjer ikkje lenger Gjendesheim turisthytte og Norsk fjellsenter å selgje flaskevatn - i staden sel vi deg vatn på flaske. Kjøp solid drikkeflaske frå Bergans, og fyll opp med vatn sjølv. Reint fjellvatn, reint samvit, 100 prosent ureist frå Jotunheimen!

Og ein ting til: Etter turen kan du pante flaska på fjellsenteret og på Gjendesheim.