Dra til fjells med Fyrst og Fremst

Nå kan gjestane bestille seg tur i fjellet her på fjellsenteret. Vi har inngått avtale med guidefirmaet Fyrst og Fremst som tek gjestane med på Galdhøpiggen, på brevandring, grotteturar, tinderangling, fjellturar og randonee. Nokon av turane går faste dagar i veka og det er påmelding innan klokka 18 dagen før.

Ein topp kan ofte vera målet og motivasjon for turen, men det er undervegs at ein kan få lagt opp til dei gode opplevingane. Det kan vera å gjera deltakarane merksame på alt ein har rundt seg i naturen, og ikkje berre toppen ein ser der framme. Gjennom ein nær relasjon med trygge og pedagogiske rammer, legg Fyrst og Fremst opp til å gjeva kundane storslåtte fjellopplevingar.
- Iver Lund Aakre, Fyrst og Fremst

Vi er glade for å ha Iver og Fyrst og Fremst med på laget! Sjå heimesida www.fyrstogfremst.no eller informasjon på vår eige side http://www.norskfjellsenter.no/guida-turar/.

Iver Lund Aakre tek folk med ut på tur gjennom firmaet Fyrst og Fremst.

Iver Lund Aakre tek folk med ut på tur gjennom firmaet Fyrst og Fremst.