Digitalisering av historisk fotosamling

Norsk Fjellmuseum har i samarbeid med DNT fått 200 000 kr av Kulturrådet til å digitalisere ei samling med historiske fotografi samla inn av tidlegare fjellførar og tilsett i DNT, Claus Helberg.

Dette er ei unik samling på fleire tusen foto, fotografert av mellom andre Howard Priestman, ein av Slingsby sine turkameratar. Fotografia er frå slutten av 1800-talet fram til 1960 og syner utviklinga av fjellturismen i Noreg, med både turisthytter, landskap, utstyr og folk på tur.

DNT og Norsk Fjellmuseum er særs glade for denne tildelinga. DNT har 150-årsjubileum i 2018 og Norsk Fjellmuseum opnar ny hovudutstilling det same året.

Kunnskapen om kven som er avbilda på fotografia og kvar dei er tekne er òg i ferd med å gå i gløymeboka, så det hastar å få skreve dette ned. Målet med prosjektet er å sikre fotografia for framtida gjennom digitalisering og sikre dokumentasjon om fotografia.

- Dette er ein stor dag for heile tur-Noreg, seier Nils Øveraas, generalsekretær i Den norske turistforening. - Støtta frå Kulturrådet sikrar denne unike dokumentasjonen av norsk friluftshistorie for framtida. at ein samtidig får gjort bileta tilgjengleg for alle er av stor verdi for alle som er glade i norsk natur og friluftsliv, seier han.