Ledig stilling:
Digital formidlar med naturengasjement

Er du oppteken av natur, kultur, klima og miljø og driven på kommunikasjon og formidling? Norsk fjellsenter og Klimapark 2469 treng ein engasjert kommunikasjonsrådgjevar og formidlar til eit eittårig vikariat med moglegheit for forlenging.

I samarbeid med ein annan kommunikasjonsrådgjevar vil du drifte sosiale medium, nettsider, marknadsføring og anna kommunikasjons- og marknadsarbeid for båe selskapa. I sommarsesongen vil guiding i Klimapark 2469 vere ei sentral arbeidsoppgåve. Dette inneber at du oppdaterer deg på forsking innan feltet og evnar å formidle stoffet vidare. Du må også rekne med noko resepsjonsarbeid og andre driftsoppgåver ved Norsk fjellsenter. Vi er i ei spennande fase med nye prosjekt på trappene, så fleire oppgåver kan kome til undervegs. Stillinga vil vere ei god blanding av kommersielt arbeid og formidling av natur, kultur, klima og miljø-verdiar i høgfjellet. Personlege eigenskapar vil bli tillagt stor vekt.

Du er:

  • oppteken av klima og miljø, natur og kulturhistorie

  • nysgjerring på forsking om klima og natur

  • glad i å formidle kunnskap til andre, både munnleg og skriftleg

  • interessert i digitale løysingar og ny teknologi

  • god til å formulere deg skriftleg

  • munnleg sterk i engelsk

  • allsidig og løysingsorientert

  • nyutdanna, eller erfaren innan kommunikasjonsarbeid, journalistikk, marknadsføring, digitale medium, interaksjonsdesign eller liknande

Vi kan tilby:

  • 100 prosent stilling i eitt år med moglegheit for forlenging

  • spennande og varierte arbeidsoppgåver

  • kontorplass i Lom nasjonalparklandsby

  • konkurransedyktig lønn og pensjonsordningar

  • eit triveleg og framoverlent arbeidsfellesskap

Vi er:

  • formidlingssenter for natur- og klimaendringar i høgfjellet

  • museum for verdskjende brearkeologiske funn og fjellhistorie

  • nasjonalparksenter for Jotunheimen, Reinheimen og Breheimen

Sjå meir på www.norskfjellsenter.no og www.klimapark2469.no.

Søknadsfrist 22. februar 2024. Oppstart så snart som mogleg, seinast 15. mai. 

Søknaden sendast til dagleg leiar Mai Bakken på mai@norskfjellsenter.no.

Har du spørsmål? Kontakt Mai Bakken på 97180469 eller mai@norskfjellsenter.no.