Back to All Events

FOREDRAG // Noreg i ein karabinkrok

  • Norsk fjellsenter Brubakken 2 2686 Lom Norway (map)

Nokre likar seg best når fjellveggen er så bratt at han heng over dei. Når fossane liknar meir på tennene til draugen, enn noko du kan klatre i. Når dei finn ein bit fjell som ingen før har klatra, og dei kan vere den fyrste til å finne vegen fram og opp. Ein slik kar er Dag Jørund Vik. Klatraren frå Oppdal er kjend som ein rask hund som fyk opp både kjende og ukjende fossar og fjellveggar.

 

Denne torsdagen kjem han til Norsk fjellsenter for å syne fram bilde og fortelje om naturopplevingar og klatreturar han har vore på verda rundt.

 

Foredrag med Dag Jørund Vik – 19. mai klokka 19.00 – på Norsk fjellsenter

 

Foto: privat

Earlier Event: May 12
DAGSEMINAR // Jotunheimen i framtida
Later Event: July 1
Vikingfredag klokka 10.00