Korleis vil du at det skal vere å drive reiseliv i Jotunheimen nasjonalpark? Nå kan du vere med å påverke rammene for bruk og vern i Jotunheimen. Forvaltning og reiseliv inviterer til dialog mellom nettopp forvaltning og reiseliv. Spanande program og varm lunsj. Velkommen!
PROGRAM
10.00 – 10.10 – velkommen ved Mai Bakken, dagleg leiar for Norsk fjellsenter
10.10 – 10.30 – «Forvaltningsplan for Jotunheimen og Utladalen – balansen mellom bruk og vern» ved forvaltarane Kari Sveen og Eldrid Nedrelo
10.30 – 11.30 – «Verneverdiane i Jotunheimen og Utladalen og effekten av forstyrring» ved biolog Geir Høitomt
11.30 – 12.15 – varm lunsj
12.15 – 12.40 – «Organisert guiding i Jotunheimen gjennom 30 år» ved Anne Wangen, Juvasshytta
12.40 – 13.00 – «Vegen mot eit meir berekraftig reiseliv» ved Marit Tangvik, fjellseljar i Visit Jotunheimen. «Kort oppsummering av masterplan «Gudbrandsdalen 2030»» ved Mari Wedum, dagleg leiar for Visit Jotunheimen
13.00 – 13.15 – pause
13.15 – 14.15 – dialog om bruk og vern i grupper
14.15 – 15.00 – «Kvifor vi treng meir kjennskap og meir ressursar til besøksforvaltning – i Jotunheimen og i Norge, med eit konkret døme frå Knutshøe» – professor Øystein Aas og masterstudent Yosra Zouhar, Naturbasert reiseliv ved NMBU (Norges miljø- og biovitenskapelige universitet)
15.00 – 15.10 – kviss med premiar
15.10 – 15.30 – spørsmål og oppsummering
Påmelding innan måndag 9. mai til post@norskfjellsenter.no.