Back to All Events

Lom skifestival 2019


Er du chionofil? Møt likesinna på Lom skifestival 2019 - vinterens fyrste og trivelegaste skieventyr!

Allereie i november, når regnbygane står i kø i lågland og by, er snøen og skiføre på plass i Jotunheimen - og vi inviterer snøelskande og skiglade folk til å starte sesongen saman med oss på Lom skifestival. Festivalsnøen finn vi på Sognefjellet i Jotunheimen, medan filmar, foredrag, sosialet samver og nydelege måltid finn stad på Norsk fjellsenter i Lom.

Lom skifestival er gode dagar med ski på beina, krona med bål, film, foredrag og fest!

Programmet for Lom Skifestival 2019 blir offentleggjort utpå vinteren, til så lengje kan du kikke på programmet for 2018 for å få ein idé om all moroa

Earlier Event: October 12
Familiedag