SmitHBUE frå Lom sentrum

Dagleg leiar for fjellsenteret og klimaparken, Mai Bakken, er dreven i fjellet og er på tur så snart ho kan. Besøka henna til Smithbue er mange og gjev både trening og god utsikt. Det er ingen løyndom at Mai er glad i nasjonalparkar, og kvar tur til Smithbue tek ho inn i Breheimen nasjonalpark.

- Korleis går turen oppover lia, Mai?
- Turen startar langs skogsveg/ stig og svingar seg oppover, etter kvart blir det bratt stigning heile vegen til Smithbue. Dette er ein tur for dei som liker å kome seg raskt opp og få utsikt, turen er på omlag 700 høgdemeter, Smithbue ligg på 1150 moh. Du kjem inn i Breheimen nasjonalpark omtrent når du kjem over skoggrensa, etter kvart får du ei fantastisk utsikt.
- Kva er høgdepunkta på turen?
Det er mange. Når ein starter på det bratte partiet i skogen kjem ein til ein flott tilrettelagt stig, utført av sherpa frå Nepal, likeins har dei mura ei trapp rett før ein kjem opp. Dei har også mura opp att sjølve Smithbue i samarbeid med grunneigarlaget. Smithbue har namnet sitt etter ein tysk malar som fann inspirasjon her 1850. Ved Smithbue ser ein sjølvaste Galdhøpiggen og inn i Jotunheimen nasjonalpark, likeins ser ein nasjonalparkane Reinheimen og Rondane.
- Kvifor er det nettopp turen til Smithbue du stikk ut på når du skal lufte deg?
Det er utsikta og kjensla av å "vere til fjells" så raskt som er finast med denne turen, kome seg raskt over skoggrensa. Det blomstrer fint her òg, både fjelldronning, mogop, rosenrot og mange andre artar, fortel Mai.

Ein kan gå vidare frå her opp den karakteristiske toppen og utsiktspunktet ein ser når ein køyrer inn til Lom sentrum (1289). Eggjapiken (1524) ligg innafor, og ein kan gå vidare innover Lomseggen til Storivilen (2068).  På kartet Fotturar i Lom er turen merka med gult (2), alternativ rute med raudt. Turkartet får du gratis mellom anna på Norsk fjellsenter.