Skuleopplegg
Ta kontakt med oss på post@norskfjellsenter.no eller telefon 61 21 16 00 for informasjon om eller bestilling av skuleopplegg hjå oss.
Vi tilbyr desse skuleopplegga:
Barske glæder
For 5. steg i Vågå, Lom og Skjåk
Tema for opplegget er det enkle friluftslivet, naturmangfald og nasjonalparkar. Vi prøver livet i ein lavvo og lærer om samspelet mellom menneske og dyr i naturen. Ute tenner vi bål og prøver oss på ei sanseløype.
barnas naturoppsyn
For 6. og 7. steg
Eit undervisningsopplegg om nasjonalparken og verneverdiane. Klassa har på førehand vald seg ut ein nøkkelart som dei skal utforske nærare. Elevane reiser til nasjonalparken og har ein skuledag med fokus på innhenting av informasjon. Elevane vil med utgangspunkt i denne dagen løyse oppgåver knytt til arten dei har vald.
reinen som læremeister
For 6. steg
Turen går til klimaparken ved Juvasshytta der elevane lærer meir om samspelet mellom klima, natur og menneske i eit langtidsperspektiv. I vårt område er det isbrear, fonner, permafrost, høgfjellsflora, reinsdyr, spesiell geologi og spor frå fortida. Reinen har gjennom fleire tusen år vore den viktigaste næringsressursen i fjellet, men den blir påverka av menneskeleg aktivitet og er avhengig av store og varierte villmarksområde for å kunne leva godt.
arkeolog for ein dag
For 1.-4. steg
Arkeologisett med replikaergraves ned innafor eit oppmerka område i ei sandkasse. Elevane lærar om kva ein arkeolog er og korleis de jobbar. Kva finn dei i jorda og korleis tek ein vare på det ein finn. Ungane får prøve seg som arkeologar og må jobbe analytisk med å beskrive, teikne og måle opp det dei finn i registreringsskjemaer. Fokus på jernalder.
Tur til klimapark 2469
For 9. steg i Vågå, Lom og Skjåk
Ta med elevane til ein guida tur i Klimapark 2469 på Juvflye ved Galdhøpiggen og Juvasshytta. På turen gjennom klimaparken er elevane innom eit stort spenn naturgeografiske emne, som geologi, klima, dyre- og planteliv, fangsthistorie og arkeologi. Turen går utandørs langs tilrettelagt gangbane, før turen blir avslutta inne i istunnelen i Juvfonne. Les meir her om Klimapark 2469.
Andre grupper?
Ønskjer du opplegg tilpassa andre grupper? Ta kontakt med oss!