Sauhøe

Jotunheimen er ikkje berre høge tindar og bratte stup. Oss er nemleg svært heldige med store variasjon i dette fjellområdet. Det er mange fine småtoppar og gå på her også, om ein berre har litt fantasi. Ein liten tur eg likar svært godt, særleg frå mai og utover på forsommaren, er Sauhøe i Leirdalen. Dette er ein ingen lang tur, men utsikta ein får er svært så vakker.

Sesong: mai – oktober (barmark)
Passar for: Alle. Fin tur også med dei små.
Høgdeforskjell: 1000 moh –> 1773 moh = 773 høgdemeter
Distanse: 6 km tur/retur
Tidsbruk: Kos deg og bruk god tid! Med normalt roleg tempo med stopp for å nyte utsikta, brukar du rundt 1.5-2 timar opp. Ned att rundt ein time.

Denne turen startar frå brua over Ytre Illåe i Leirdalen, rett innafor Geitsetra. Her er du på 1000 moh. Er fine parkeringsmoglegheiter rett etter brua. Her går det ein god stig opp på sørsida av elva. Vel oppe på ryggen, tek du av stigen, som går vidare innover mot Søre Illåbrean, og følger ryggen slakt sørover mot det bratte partiet på Sauhøe. Her er du på rundt 1400 moh. Dei fyrste 400 høgdemetrane er med andre ord lette. Herifrå vel du ruta litt sjølv oppover, men det aller beste er å halde litt til høgre for midten i starten, til ein etter kvart kjem opp på ein liten avsats, som går inn i ei lita bratt snøfonn (denne ligg nokså lenge utover sommaren). Når denne fonna er passert rett opp, flatar ryggen ut, til du kjem bort til varden. Her er utsikta enorm! Du er ikkje på den høgaste toppen, men det føles nesten som det, for du ser MYKJE! Leirdalen ligg under deg, og på ymse side har du høge flotte toppar. Du ser det meste av Smørstabbtindane og helt bak til Loftet, du ser Stetind, Surtningstind, Rauddalstindar, Mjølkedalstind, Høgvagltindane, Tverrbottindane, Bukkehøe, Dumhøe, Skardstind og Galdhøpiggen, berre for å nemne nokre. Du ser også nordover og inn i Hestbrepiggane i Breheimen. Frå toppen fortset ryggen vidare sørover til Vestre Tverrbottind, og skiftar etter kvart karakter frå å vera romsleg og lett, til å bli smal og bratt og delvis eksponert. Ein artig plass, dette. Fint å sjå korleis breane ligg i landskapet, og korleis dei har brukt tida på å forme terrenget her.

OBS: vær varsom på fonnane om dei er harde.

Tekst og foto: Kjell Nyøygard/ www.fjellforer.blogspot.no