Kulturstig Gjende

Kulturstigen er ein rundtur på 3,4 km som passar dei aller fleste. Start ved Gjendesheim eller parkeringa på Reinsvangen og få flott utsikt over Gjendealpane og smaragdgrøne Gjende. Lær om kulturminner frå andre verdskrig, om medisinplanter, les om kampen om Skårvangssola og legendariske Jo Gjende.

Stien er skilta og tilrettelagt med kloppar, men hugs gode sko om du vil halde deg tørr på beina. God tur!