Opplev fjellsenteret

Besøk oss og få turtips til nasjonalparkane. Sjå den 1300 år gamle Reinheimskia og andre brearkeologiske funn i utstillinga. La ungane finne Karlsvogna i stjernehimmelen i hula. Set deg ned ved peisen med ei bok og ein kaffekopp. Velkomen til Norsk fjellsenter!

BESØKSSENTER NASJONALPARK

Her får du informasjon, tips og råd om fjellområda og turar i fjellet. Vi er besøkssenter for nasjonalparkane Jotunheimen, Reinheimen og Breheimen og har god kunnskap om nasjonalparkane og aktivitetar i fjellområda. Kjøp kart og få detaljer om turar i området hjå oss. Dette er våre turtips!

IMG_0579.JPG

Ei pause ved peisen

Slå deg ned med ein kopp kaffe og ei bok frå biblioteket ved peisen. Her sit du på reinsskinn frå Jotunheimen!

Brearkeologisk utstilling

Sjå dei brearkeologiske funna gjort i fjellområda rundt oss på fjellmuseet. Over isen syner historia om mennesket sin ferdsel i fjellet i førhistorisk tid, med funna frå Lendbreen i Breheimen som utgangspunkt. I 2018 opnar vi ny hovudutstilling.

Klimapark 2469

Ta turen til fjells til Klimapark 2469! Besøk istunnelen og lær om fjell og historie på daglege guida turar. Kjøp billettar på www.klimapark2469.no og bli med 

Den norske turistforening - naturopplevingar i (snart) 100 år

I 2018 er det 150 år sidan DNT vart etablert. Det ønskjer fjellsenteret å sette ljos på, og i utstillinga finn ein mellom anna foto frå turistforeninga si historie. DNT var ein av stiftarane da Norsk Fjellmuseum vart etablert, og fjellmuseet har også samlingar knytt til DNT si historie.

FJELLSENTERET FOR FAMILIAR

Ta turen til fjellsenteret saman med familien. I hula finn du kanskje Storebjørn på stjernehimmelen. Bli kjend i området på interaktivt kart. Sit ved peisen og sjå i barnebøker eller lag ei teikning frå fjellet. Vi tipsar gjerne om turar som er egna for barnefamiliar!

FOtoutstilling

Sommaren 2107 opnar vi fotoutstilling med bilde av fotograf Arne Johs Mortensen. Følg med - meir informasjon kjem!