KNIPPEN

Ein tur ut til Knippen, er ein liten fjelltur, trimtur, «barnetur» til eit fint utkikkspunkt, der du ser dalane Bøverdalen, Leirdalen og Visdalen godt. Turen går i kupert og lett terreng, rundt 1000 meter over havet.

Lengde: 4 km tur/retur
Høgdeforskjell: 1000 – 993 moh = -7 høgdemeter.
Terreng: flatt, delvis kuppert, lett.
Passar for: alle.
Sesong: alle.

Du startar turen på Tjønnbakken, rett før du kjem opp til Raubergstulen. På barmark er denne ruta godt merka, og den går nordover Grånebban mot Rauberget og sjølve Knippen. På vinterføre er det likevel lett og greitt orientere i dette terrenget.

Dette er ein tur for avslapping og kos, og er kjempefin både for store og små. Eit lite bål, med kaffekok og pølsegrilling for dei små, er midt i blinken her. Og, som tilskuar under turen, har du sjølvaste Glittertind.

Du ser innover Visdalen og Leirdalen mot Jotunheimen, og du ser over Bøverdalen til Breheimen.

Denne turen er ein del av stigen Raubergstulen – Røisheim, og har ein historisk sus over seg. Dette var nemleg startetappa (frå Røisheim) til dei fyrste guida turane til Galdhøpiggen som Knud Vole (Stor-Knud) gjorde kjent på slutten av 1800-talet.

Tekst og foto: Kjell Nyøygard/ www.fjellforer.blogspot.no