Reis til fjells med Fyrst & Fremst
Norsk fjellsenter samarbeider med guidefirmaet Fyrst og Fremst som tek deg med inn i naturen, opp i fjella. Brevandring og grotteturar er berre nokre av eventyra du kan vere med på.
Kontakt dagleg leiar Iver Lund Aakre på post@fyrstogfremst.no eller
telefon 936 61 118.
Fyrst og Fremst - gode opplevingar.
"Ein topp kan ofte vera målet og motivasjon for turen, men det er undervegs at ein kan få lagt opp til dei gode opplevingane. Det kan vera å gjera deltakarane merksame på alt ein har rundt seg i naturen, og ikkje berre toppen ein ser der framme. Gjennom ein nær relasjon med trygge og pedagogiske rammer, legg Fyrst og Fremst opp til å gje kundane storslåtte fjellopplevingar."
Iver Lund Aakre, Fyrst og Fremst