- I kjernen av det eg brenn for!

Sjølv om Norsk redningsteneste er god, har Erlend Borgen Aarsæther sett seg som mål å gjere ho betre.

Aarsæther er tilsett som dagleg leiar for Nasjonalt kompetansesenter for fjellredning, og gler seg til arbeidet.

- Eg har jobba med redning i heile mitt vaksne liv, og alltid vore oppteken av at vi skal utvikle oss vidare. Eit kompetansesenter gir oss ei unik moglegheit til å bli betre fordi vi får tid og mandat til å gjere jobben, seier Aarsæther.

Han er sikker på at senteret vil vere med å gjere Noreg betre rusta for framtida. Aarsæther kjem frå jobben som seksjonsleiar for Førstehjelp og Redningstjeneste i Norsk Folkehjelp. Han har også vore friviljug i redningstenesta sidan 2001 og har erfaring både som ambulansearbeidar og kursleiar. No ser han fram til å arbeide på tvers av organisasjonar og for både friviljuge og profesjonelle.

-  Eg veit at redningsfolk der ute brenn for det dei driv med. Korleis kan vi gjere kvardagen deira betre ved å stille oss spørsmåla: Er dette best for dei som treng hjelpa? Er dette best for dei som er ute og løyser oppdraga?

Samstundes ser han at ei verd i rask endring krev oppdatert arbeide. Raske klimaendringar krev at vi må vere budd på nye utfordringar. Medan endringar i teknologien opnar for nye løysingar også innan redningsarbeidet.

- Dette er spennande! Korleis kan vi ligge i forkant? Korleis kan vi vere med å foreslå løysingar på utfordringar vi ikkje har møtt enda? Her blir det nybrotsarbeid og innovasjon, seier Aarsæther.

Han er likevel oppteken av å legge stein for stein, og at ikkje alt må skje i fyrste sving. Arbeidet framover vil handle både om å etablere Nasjonalt kompetansesenter for fjellredning som ein stødig organisasjon, samle og vidarebringe forsking innan fjellredning og å skape gode møteplassar for dei som driv med redningsarbeid både friviljugt og profesjonelt.

 - Vi i Norsk redningstjeneste har vore vant til å lære av dei store hendingane og læring gjennom «historiar kring leirbålet». Det finst mykje data og erfaringar som treng å bli sett i system slik at vi kan bre informasjonen utover. Vi har ei god redningsteneste i Noreg , men vi kan bli enda betre, seier han.

Aarsæther har arbeida spesielt mykje med ulike prosjekt knytt til søk etter sakna personar med demens og sakna personar med sjølvmordsrisiko. Han har også leia eit digitaliseringsprosjekt kring bruk av ny mobilteknologi i felt.

Aarsæther og familien har hytte i Valdres og har vore mykje i Lom oppgjennom. Nå ser han fram til å få meir tid i nasjonalparklandsbyen som pendlar.

- Eg trivst i Lom. Lom er riktig stad for eit slikt senter. Ein har tilgang til eit enormt «laboratorium» i fjella.

Aarsæther startar i den nye jobben kring 1. september 2022.