Back to All Events

FOREDRAG // Heltane i mine naturreiser – med journalist Inge Kjell Holme

  • Norsk fjellsenter Brubakken 2 2686 Lom Norway (map)

Kva skjedde då Arentz forsvann?

Den myteomspunne fjellvandraren Fredrik Arentz er hovudpersonen i foredraget til Inge Kjell Holme på Norsk Fjellsenter 29. august. I år er det 110 år sidan fjellegenda, som av Fri Flyt har blitt kåra til ein av verstingane i norsk fjellhistorie, forsvann i Jotunheimen.

I foredraget presenterer Holme naturvernaktivistar som har vore viktige i fleire av områda der Arentz gjekk lange turar. Foredraget inneheld også spennande fokus på kvinner som vart pionerar i fjellvandring og -klatring. Du får blant anna høyre om britiske Margaret Sofia Green som fjellføraren Torgeir Sulheim frå Lom var guide for.

Foredragshaldar Inge Kjell Holme har arbeidd i nær 50 år som journalist og har ei rekkje dokumentarproduksjonar bak seg for NRK TV og radio.

Dørene opnar klokka 18.30. Foredraget varar frå kl. 19.00 til 21.00.

Inngang: 100,-

Sal av billettar i kassa på Norsk fjellsenter. Vel møtt!