Back to All Events

FOREDRAG // Fiskelykke utanfor allfarveg

  • Norsk fjellsenter Brubakken 2 2686 Lom Norway (map)

UTSELT

Grunna nye reglar for smittevern har vi gått ned til 40 deltakarar slik at de blir enkelt å halde ein meter avstand. Vi ber alle gjestar om å nytt munnbind under arrangementet.

Er du av dei som tenker at du skal ta med fiskestong på neste fjelltur? Eller av dei som alltid har ho pakka bak på sekken? Denne kvelden kan både drivne og dagdrøymande fiskarar få ny inspirasjon når bokdebutant Morten Wangen tek oss med på ein guida tur til ukjende fiskevatn i Skåbu-fjella og austre del av Jotunheimen. Wangen gir også tips til kva utstyr som kan vere lurt å ha med og korleis ein kan kultivere fiskevatn. Han kan òg svare på spørsmål om raking, røyking og graving av den potensielle fangsten.

Morten Wangen bur på Vinstra og har gjennom heile oppveksten trakta til fjella for å fiske. Han har trakka mest i Skåbu-fjella og austre del av Jotunheimen. Som vaksen har han fått samla tankane og rydda i hovudet på fisketur etter travle arbeidsdagar i anleggsbransjen. I jakta på nye fiskevatn, har Wangen samla naturopplevingar og kunnskap som han no deler i boka Fiskevatn utenfor allfarveg.

Det blir mogleg å kjøpe ei signert utgåve av boka etter foredraget.
Då er det berre å setja seg godt til rette og planlegge neste fisketur. Velkomne!
FISKELYKKE: Morten Wangen med storfangst frå eit av vatna utanfor allfarveg. Foto: Kjell Kleiven

Earlier Event: October 21
Korleis går det med naturen i Noreg?
Later Event: March 24
Frå plast til ull?