Back to All Events

Skredkveld


Denne kvelden får du høyre sterke historier frå folk som sjølv er tekne av skred og nokre av dei som redda dei ut. Frikøyrar Eirik Schjølberg fekk hard medfart då han vart tatt av skred i Lemonsjøen alpinsenter sist vinter. Saman med redningsmann Åge Vegard Kirkestuen samtalar han om hendinga med kveldens programleiar Mari Wedum. Fokuset vil være på kva som er viktig og riktig når uhellet fyrst er ute, korleis ein kan yte god og livsviktig fyrstehjelp og litt om kva som bør være i med i skisekken. Etter pause fortel Jostein Aakre om då han vart tatt i skred i Leirdalen sist vår. Aakre har arbeidd som vegleiar innan friluftsliv i 30 år, og driv i dag Jotunfjell leirskole i Lom. Han klarte å grave seg ut sjølv, for så å gå etter hjelp. Jostein vil gå gjennom hendinga og dele sine erfaringar og tankar kring opplevinga. Det er ei sterk historie som heldigvis enda godt

Alle som kjem er med i trekninga av ein skredsøkar. Du får og med deg turtips for helga, inngang til utstillinga "Bergtatt" og høve til å gjera ein god handel på utstyr frå Sport 1 i Lom.

Inngang kr 100,-
Under 16 år - gratis!

Sjå her for detaljert program.

Foto: Kjell Erik Reinhardtsen

Earlier Event: October 18
Siste nytt - brearkeologien i 2018
Later Event: March 21
Skoggrensa i endring